Her veks fransk bergfuru saman med lappfuru i Folldal. Bergfurua er mykje grøvre enn lappfurua.

Fransk bergfuru kjem frå vestlege fjell i Sør-Europa, i Pyreneane, Massif Central i Frankrike og Vest-Alpane. Det er uvisst når ho vart innført og når ho starta å forville seg i Noreg.

Kjenneteikn

Fransk bergfuru er eit tre på opptil 6 m i Noreg, ofte utan kongler på dei nedre greinene. Greinene er bøygde oppover. Konglene er litt skeive, retta framover og held seg opprette lenge. Apofysen på kongla er høgt pyramideforma, litt kloforma bøygd tilbake, og med ein kvass umbo.

Her veks fransk bergfuru saman med lappfuru i Folldal. Bergfurua er mykje grøvre enn lappfurua.

Hos fransk bergfuru er apofysen ein høg pyramide som er bøygd attende på kongla.

Her ser ein tydeleg den lange, pyramideforma tappen på kongleskjela øvst på kongla, der ho opnar seg.

Kromosomtal

Fransk bergfuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Fransk bergfuru vart innført for leplanting og til bruk som skogstre, men òg som prydtre. Ho er truleg bufast og i auke, og ho etablerer seg i lynghei og kystskog. Fransk bergfuru set små krav, både med omsyn til næring i jordbotnen og til klima, men ho kan ha noko større krav til mineral i jordsmonnet enn dei to andre underartane. Forvillinga er knytt til nemoral og boreonemoral sone, men fransk bergfuru er nok betre tilpassa opne naturområde i høgareliggjande strøk. Utbreiinga som forvilla er svært dårleg kjend, men fransk bergfuru er kjend som forvilla i alle fall frå Sør-Vestlandet og Vestlandet og som dyrka òg i innlandet og fjelldalane, minst nord til Trøndelag.

Den heimlege utbreiinga ligg i Pyreneane (i Spania og Frankrike), i Massif Central (i Frankrike) og i Vest-Alpane (i Frankrike, Italia og Sveits).

Kommentarar

Fransk bergfuru er éin av tre underartar frå fjellstrøka nord for Middelhavet. Alle tre underartane er dyrka og funne forvilla i Noreg, men det er uvisst i kor stort omfang kvar av dei finst som forvilla. Sjølv om underartane har overlappande utbreiingar som heimlege, er dei oftast distinkte der ein finn dei. Valet står mellom tre artar, to artar med ein hybridart imellom (rotundata), éin art med tre underartar, som er løysinga vi har valt her, eller éin art med to underartar og ein hybrid-underart.

Forvekslingar

Om ein skal bestemme underartane av bergfuru, så er forma på apofysen på kongleskjela ein viktig skilnad. Hos fransk bergfuru er han høgt pyramideforma, hos alpebergfuru subsp. rotundata er han tydeleg, men mykje lågare konisk enn hos fransk bergfuru, og hos buskfuru subsp. mugo er han låg og ofte om lag flat. Dette gjer òg at konglene ser forskjellige ut. Hos buskfuru vender apofysen utover, medan særleg hos fransk bergfuru er han bøygd nedover som eit breitt nebb. Buskfuru skil seg frå alpebergfuru og fransk bergfuru i at ho alltid er ein fleirstamma busk medan dei to andre oftast er tre.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Pinus_mugo.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Fransk bergfuru Pinus mugo subsp. uncinata (Ramond ex DC.) Dominwww.artsdatabanken.no/Pages/305052. Lasta ned <dag.månad.år>.