Stillehavsedelgran er ein av kjempane i slekta, saman med koloradoedelgran og nobelgran. I sine heimland kan alle desse tre artane bli over 70 m høge, og stillehavsedelgrana opptil 82 m. Dei veks nokså fort og blir så store at dei høver betre i parkar og i skogen enn i villahagar. Alle tre er funne forvilla i Noreg.

Kjenneteikn

Stillehavsedelgran er eit stort tre som kan bli 75(–82) m i heimlandet, men ikkje så stort i Noreg. Unge stammar har sølvgrå bork som sprekk noko opp med alderen. Unge kvistar er trinne, ikkje furete, med lysbrune hår. Knoppane er butte og har harpiks. Nålverket er mørkgrønt og blankt på oversida. Nålene står i to rekkjer horisontalt ut på kvar side av kvisten, der den øvre rekkja har tydeleg kortare og meir framretta nåler enn den nedre, og nålene dekkjer oversida av kvisten. Nålene er 1–2,5 cm lange. Dei er utranda i enden i den nedre rekkja og spisse i den øvre rekkja. Oversida er blankt mørkgrøn, utan spalteopningar og med ei grunn renne. Undersida har to smale, kvite band, kvart med 5–6 striper med spalteopningar. Harpikskanalane er epidermale. Konglene er 8–10 cm lange. Stillehavsedelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Kromosomtal

Stillehavsedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Stillehavsedelgran er innført som skogstre og prydtre. Arten vart først rapportert som forvilla i 2012 frå Lippes Arboret i Bymarka i Trondheim i Sør-Trøndelag. Han er òg rapportert frå Vestfold og frå eit par stader på Sunnmøre og Nordmøre i Møre og Romsdal, men vi har ikkje sett tilstrekkeleg dokumentasjon for desse funna enno.

Den heimlege utbreiinga er i eit nokså smalt belte langsmed Stillehavet i Nord-Amerika frå lengst sør i Alaska til lengst nord i California.

Kommentarar

Det vitskaplege artsnamnet, ‘amabilis’, tyder vakker eller elskeleg, og dette er eit godt namn for eit so staseleg tre.

Systematisk høyrer stillehavsgran til seksjonen Amabilis, ein liten seksjon med berre to artar: stillehavsedelgran og mariesedelgran Abies mariesii, kor sistnemnde kjem frå høge fjell sentralt på Honshu, den største øya i Japan. Seksjonen er eit eksempel på ein nokså vanleg disjunksjon (oppsplitting) i utbreiing, mellom nordaustlege Asia og vestlege Nord-Amerika. Seksjonen er kjenneteikna ved at nålene sit i fire nokså tydelege (stillehavsedelgran) eller utydelege (mariesedelgran) rekkjer, hos stillehavsedelgran med to rekkjer med lange nåler som peiker utover og to med korte nåler som peiker meir framover, noko som gjev eit flatt nålverk. Hos mariesedelgran er nålene meir jamlange. Harpikskanalane sit epidermalt, og knoppane har mykje harpiks.

Forvekslingar

Stillehavsedelgran og kjempeedelgran Abies grandis kan berre bli forveksla med edelgran Abies alba. Desse er dei tre einaste norske edelgran-artane med eit flatt nålverk der nålene sit i fire nokså tydelege rekkjer. Stillehavsedelgran og kjempeedelgran skil seg frå edelgran i at knoppane har mykje harpiks, hos edelgran er dei utan harpiks, og i at harpikskanalane i nålene er epidermale, hos edelgran er dei mediale. Likskapen mellom europeisk edelgran og dei to andre er tilfeldig og ikkje uttrykk for noko nært systematisk slektskap. Stillehavsedelgran skil seg frå kjempeedelgran i at dei unge kvistane er gråbrune og tetthåra, mot raudbrune og lite håra hos kjempeedelgran.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hunt RS (1993). Abies Miller. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 354–362.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Stillehavsedelgran Abies amabilis (Douglas ex Loudon) J.Forbes. www.artsdatabanken.no/Pages/285854. Lasta ned <dag.månad.år>.