Douglasgran er eit innført og forvilla skogstre og prydtre som kjem frå vestlege Nord-Amerika. Det er eit stort tre som i andre land er mykje brukt i skogbruket og som gjev eit svært godt trevirke.

Kjenneteikn

Douglasgran blir eit tre på opptil 45 m. Unge kvistar er finhåra. Knoppane er smale og langspisse, ulike knoppane hos dei andre slektene i furufamilien ein finn i Noreg. Nålene er flate og butte til spisse, og dei sit på svært små tappar som gjev bladarr med ein låg kant. Oversida av nålene er mørkgrøn og utan spalteopningar. Undersida er blågrøn med to lyse band med spalteopningar, kvart med 5–8 striper. Nålene heng att på kvisten når kvisten visnar (eller når han blir pressa i eit herbarium). Dette er ein diagnostisk skilnad frå granslekta Picea og hemlokkslekta Tsuga, der nålene fell av dei tørre kvistane. Konglene er 5–10 cm lange og heng ned frå kvistane. Dekkskjela i kongla veks seg større under mogninga, er treflika og stikk langt framom kongleskjela. Kongleskjela er utan apofyse og umbo (sjå furuslekta Pinus for forklaring). Douglasgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde, men spreiing med fugl kan òg førekomme.

Knoppane hos douglasgran er smale og spisse, ulike knoppane hos alle andre bartreslekter i Noreg. Nålene er mørkgrøne og utan spalteopningar på oversida, medan undersida er blågrøn med to lyse band med spalteopningar.

Spesielt for douglasgran er at dekkskjela i kongla er lengre enn kongleskjela og stikk langt framom dei. Dekkskjela er treflika.

Kromosomtal

Douglasgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Douglasgran er innført som skogstre og prydtre. Arten vart først rapportert som forvilla i 1900 og er bufast og frøforvilla i skog og skogkantar. Douglasgran er kjend frå spreidde stader på Austlandet inn til Østre Toten i Oppland og Ringerike i Buskerud og i kyststrøk nord til Levanger i Nord-Trøndelag, men òg med funn frå Junkerdalsura i Saltdal i Nordland. Arten er knytt til nemoral til sørboreal sone.

Douglasgran kjem frå vestlege Nord-Amerika, der arten har ei stor utbreiing frå British Columbia og Montana sør til California, Texas og Mexico.

Kommentarar

Det finst to rasar: ein kystrase, kystdouglasgran var. menziesii, som veks langsmed Stillehavskysten og ein innlandsrase, fjelldouglasgran var. glauca, som veks inne i Rocky Mountains. Dei har overlappande utbreiingar i sørlege British Columbia og nordaustlege Washington. Begge rasar er i bruk og forvilla i Noreg, sjå desse. Lipscomb (1993) reknar dei som varietetar, på vanleg amerikansk vis, medan Christensen (2000) reknar dei som underartar, og då fjelldouglasgran som subsp. glaucescens, på vanleg europeisk vis. Desse ulike behandlingane skil seg ikkje i fakta, men heng berre saman med ulikskap i korleis europeiske og amerikanske forfattarar brukar begrepa varietet og underart.

Forvekslingar

Douglasgran kan mogelegvis bli forveksla med granartar i Picea, men hos douglasgran veks dekkskjela i kongla seg større enn kongleskjela under mogninga. Ein annan god skilnad frå alle gran- og edelgranartar i Picea og Abies, er dei smale og langspisse knoppane hos douglasgran, ulike dei avvrunda eller eggforma og oftast butte knoppane hos både Abies og Picea.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Pseudotsuga_menziesii.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Lipscomb B (1993). Pseudotsuga Carrière. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 365–366.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Douglasgran Pseudotsuga menziesii (Mirb.) Franco. www.artsdatabanken.no/Pages/285842. Lasta ned <dag.månad.år>.