Fleire framande artar kan stå klare til å rykkje inn i norsk natur. Desse blir omtalte som dørstokkartar. Det er viktig å samanstille kunnskapen om desse artane slik at vi veit kva økologisk risiko dei kan ha om dei etablerer seg i Noreg i framtida.

Kva er ein dørstokkart?

Dørstokkartar er framande artar som per i dag ikkje er etablerte i Noreg, men som ein reknar med at kan etablere seg i norsk natur innan 50 år. Dette kan vere ein framand art som allereie er etablert i eitt av nabolanda våre, og som ved eiga hjelp kan klare å komme seg over landegrensa til Noreg. Det kan også vere ein art som har naturleg utbreiing i andre geografiske område og som potensielt kan spreiast til norske område som blindpassasjerar i samband med båt- eller biltrafikk, import av jord, planter, matvarer o.l.

Dørstokkartar som allereie bur i Noreg

Vi har allereie ei rekkje dørstokkartar i Noreg. Det er artar som lever innomhus eller artar som lever utandørs, men ikkje i norsk natur. Det kan vere hageplanter som førebels ikkje har spreitt seg utanfor hagegjerdet, eller artar som lever i kompostdungar. Produksjonsartar dyrka på produksjonsareal sitt kan også vere dørstokkartar. Med endra vokstervilkår kan desse artane potensielt etablere seg i norsk natur i eit 50-årsperspektiv. I hovudsak er det artar frå organismegruppene karplanter, algar, insekt og soppar det er flest dørstokkartar.

Dørstokkartane er vurderte med utgangspunkt i kunnskap frå utlandet, men vurderinga er tilpassa norske forhold.

Kvifor blir dørstokkartar vurderte?

Fordi dørstokkartar på sikt kan utgjere ein økologisk risiko, er 314 utvalde dørstokkartar, for Fastlands-Noreg 283 og Svalbard 31 dørstokkartar, inkluderte i arbeidet med Framandartlista 2018. Resultata viser at mange artar truleg ikkje kjem til å utgjere nokon vesentleg økologisk risiko, og 91 har ingen kjent risiko (NK) i norsk natur (Fastlands-Noreg). Likevel det er somme artar det er verdt å vere ekstra oppmerksam på.

Enkelte artar er knytte til organismar som fortrinnsvis lever i veksthus, og det kan vere eit tidsspørsmål før vintertemperaturen blir så gunstig at etablering i norsk natur er mogeleg. Som eksempel kan søramerikansk minérfluge Liriomyza huidobrensis nemnast. Fluga har kome til norske drivhus som blindpassasjer på europeiske planter, som førebels ikkje er etablerte utomhus på grunn av låge vintertemperaturar. Denne minérfluga har ei rekkje vertsplanter rett utanfor veksthuset, og den er allereie observert men ikkje etablert.

Kunnskap er viktig

Det kan ofte vere for seint å samanstille kunnskapen om dørstokkartane når dei fyrst har komme til landet og viser seg å ha gode forhold for både etablering og spreiing. Då er det viktig at noko av denne kunnskapen har blitt gjort tilgjengeleg på førehand, slik at relevante styresmakter og andre brukarar kan ta stilling til kunnskapsgrunnlaget dersom artane dukkar opp. 

For nokre soppar kan det vere ei utfordring å skilje ut dørstokkartar. Det finst også her ein del artar som opptrer innandørs eller i veksthus, sannsynlegvis innført frå meir sørlege/tropiske område, men som kan opptre utandørs i nordisk klima. Med klimaendring og mildare vintrar kan desse artane ha eit aukande potensial for å etablere seg i norsk natur.

Ein art som har fått mykje merksemd i utlandet, er Rhododendron-arten R. ponticum. Denne har to underartar som opptrer forskjellig. Rhododendron ponticum subsp. baeticum reproduserer seksuelt med vindspreidde frø, og svarar truleg til den som er forvilla på Dei britiske øyane. Der har den hatt ei veldig spreiing og har ein stor økologisk effekt. Arten er førebels ikkje påvist i Noreg, sjølv om det har vore antyda funn av den fleire stader. Når R. ponticum subsp. baeticum blir vurdert som dørstokkart med bruk av utanlandske data, er dette eit viktig bidrag til kunnskapsoversikta over framande artar.