Om Fremmedartslista
Her får du oversikt over hvordan du kan bruke Fremmedartslista, hvordan vurderingene er gjort, og hva som er nytt.
Praktisk bruk
Kva viser Framandartslista?
Arbeidet med Framandartslista
Aktuelt frå Framandartslista
Ofte stilte spørsmål om Framandartslista
Kva er skilnaden på Framandartslista 2023 og dei nye vurderingane?
her kommer tekst.
Kva er ein framand art?
Ein art er framand når han er flytta av menneske (med vilje eller utilsikta) til eit område der han ikkje finst naturleg. Mange hageplantar som blir importerte til Noreg, og artar som kjem med som blindpassasjerar, er difor framande artar.
Definisjonen gjeld også for underartar, varietetar, kultivarar og hybridar
Framand i naboland = framand i Norge
- Ein art som er framand i eit naboland, blir òg rekna som framand i Noreg dersom han ikkje finst naturleg her. Dette gjeld sjølv om arten har spreidd seg til Noreg utan direkte hjelp frå menneske.
Artar innførte før 1800 kan òg være framande
- 1800-grensa blir ikkje brukt for å avgjere om ein art er framand. Ein art som vart innført før 1800, kan framleis vere ein framand art. Grensa blir derimot brukt til å avgjere kva for artar som skal risikovurderast i Framandartslista
Regionalt framande artar
- Dette er artar som naturleg høyrer heime i delar av Noreg, men som menneske har spreidd til område der dei ikkje høyrer til.
Døme: Fiskearten ørekyt (Phoxinus phoxinus) er sett ut i fleire vatn der han ikkje høyrer naturleg heime. I slike område blir ørekyt rekna som regionalt framand.
Kva er Framandartslista?
Framandartslista er ei oversikt over kva økologisk risiko framande artar utgjer i naturen. Ho:
- viser kva for artar som har høgast risiko, og som dermed har størst negativ påverknad på naturmangfaldet
- inneheld risikovurderingar av over 2300 framande artar
- gir informasjon om mellom anna artane si utbreiing, spreiingsvegar og tilknyting til naturtypar
- er ei fagleg og kunnskapsbasert samanstilling som ikkje gir tilrådingar eller fastset reglar.
Risikovurderinga byggjer på to hovudfaktorar:
- invasjonspotensial: altså kor lenge ein kan vente at arten vil overleve i Noreg, og kor raskt han spreier seg
- økologisk effekt på naturmangfaldet
Planter er den største artsgruppa på lista. Difor bruker mange hageeigarar Framandartslista som eit oppslagsverk når dei ønskjer informasjon om plantar og risikoen deira i naturen.
Kva er skilnaden på Framandartslista, Svartelista og Forbudslista?
Framandartslista blir ofte forveksla med forbudslista, men dette er to ulike verktøy.
- Framandartslista: Artsdatabanken har ansvaret for Framandartslista, som viser kor stor økologisk risiko ein framand art har i naturen.
- Forbudslista: Liste over artar det er forbode å innføre, selge eller bruke i Norge. Klima- og miljødepartementet har ansvaret for Forskrift om fremmende organismer, og dermed òg forbudslista.
- Svartelista: Den første oversikta over framande artar som Artsdatabanken publiserte, heitte Norsk svarteliste 2007. Deretter kom Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste 2012. Svartelista omfatta berre artar i kategoriane høg risiko (HI) og svært høg risiko (SE). I 2018 vedtok Artsdatabanken å gå bort frå omgrepet svarteliste, og den neste publikasjonen fekk namnet Fremmede arter i Norge – med økologisk risiko 2018, i daglegtale kalla Framandartslista.
Les mer om skilnaden på Framandartslista og forbudslista.
Risikovurderingene i Artsdatabankens Fremmedartsliste er en viktig del av kunnskapsgrunnlaget som miljøforvaltningen bruker når de utarbeider forbudslista. Samtidig bygger vurderingene av arter i forbudslista også på andre forhold enn de rent økologiske, for eksempel økonomiske hensyn.
Fra 1. januar 2021 inneholder forbudslista 30 arter av karplanter, samt amerikansk hummer Homarus americanus.
Hvor ofte oppdateres Fremmedartslista?
I 2025 ble arbeidet med Fremmedartslista lagt om. Dette innebærer:
- offentlig innsyn og publisering av en eller flere artsgrupper hvert år.
- enkeltvurderinger kan oppdateres og publiseres til enhver tid.
En helhetlig oversikt over alle artsgrupper oppdateres hvert sjette år. Gjeldende Fremmedartsliste ble publisert 4. august 2023. Neste Fremmedartsliste, med en samlet og oppdatert oversikt over alle artsgrupper, publiseres i 2029.
Den første Fremmedartslista ble publisert i 2007. Deretter ble lista revidert i 2012, 2018 og 2023.