Slik vurderer vi risikoen til framande artar

Alle artar i Framandartslista blir vurderte etter ein felles metode. Her kan du lese meir om kva artar som blir vurderte, korleis risiko blir målt, og kva som ligg til grunn for risikokategoriane.

Innhold

Kva avgjer risikoen?

Risikoen blir vurdert ut frå kor lett arten kan etablere og spre seg i Noreg, og kor stor påverknad arten kan ha på naturen.

Nokre framande artar har liten påverknad på naturen. Andre spreier seg raskt og kan fortrengje heimlege artar eller endre naturtypar og økosystem. Artar som både etablerer seg lett og påverkar naturen mykje, får høgast risiko.

Kven står bak vurderingane

Framandartslista er utarbeidd av Artsdatabanken i samarbeid med fagekspertar. Alle ekspertane forpliktar seg til å vere uavhengige, slik at vurderingane er fagleg objektive og ikkje blir påverka av personlege interesser.

Viktig å vite når du bruker Fremmedartslista

Ikkje alle framande artar blir vurderte

Framande artar som var etablerte i Noreg per år 1800, blir ikkje risikovurderte. Dei blir framleis rekna som framande artar, men inngår ikkje i Framandartslista.

Les meir om 1800-talsgrensa

Risikoen kan variere i ulike deler av landet

Ein art kan ha høg risiko ein stad i landet og lavere risiko ein anna stad. I Fremmedartslista vises den høgaste risikoen arten kan ha i Noreg.

Geografisk variasjon i risiko

18 prosent av artane i Framandartslista 2023 har geografisk variasjon i risiko. Her er nokre døme:

Bildet mangler beskrivelse
SE
Svært høy risiko
Bildet mangler beskrivelse
HI
Høy risiko
Tegning av gyllenblank fisk med store skjell
HI
Høy risiko

Kvifor kan hageplantar vere ei utfordring i risikovurderingane?

Mange framande hageplantar er kultivarar eller hybridar med eigenskapar som skil seg frå artane dei er utvikla frå. Det kan påverke korleis dei blir risikovurderte i Framandartslista.

Kvifor kan hageplantar vere vanskeleg å risikovurdere?

Ofte stilte spørsmål

Betyr høg risiko at arta er forboden?

Nei. Høg risiko betyr at arta er vurdert til å ha ein negativ økologisk påverknad på naturen i Noreg, men det betyr ikkje nødvendigvis at han er forboden å bruke.

Framandartlista viser kva for ein økologisk risiko ei art har og er ikkje ei oversikt over kva arter som er regulerte eller forbodne. Den informasjonen finn du i Forskrift om framande organismar.

Forskrift om fremmede organismer - Lovdata

Kva er skilnaden på Fremmedartslista og forbodslista?

Framandartlista vurderer kva risiko ei framand art utgjer for naturen i Noreg.

Forbodslista viser kva arter det er forbode å innføre, omsetje eller setje ut etter regelverk fastsett av styresmaktene.

Ei art kan ha høg risiko utan å vera forboden, og ei art kan vera forbode av andre grunnar enn risikoen som er vurdert i Fremmedartslista.

Kan risikovurderingane endrast?

Ja. Vurderingane blir oppdaterte når ny kunnskap eller nye data gir grunnlag for det.


Siden siteres som

Artsdatabanken, Slik vurderer vi risikoen til framande artar

Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/slik-vurderer-vi-risikoen-til-framande-artar