Kva slags dørstokkartar har vi i vente?
Mange dørstokkartar finst framleis utanfor Noreg, medan andre allereie er registrerte her i landet utan å vere etablerte i naturen. Dersom dei spreier seg, kan nokre av dei utgjere ein høg risiko for naturmangfaldet.
Innhold
Framandartslista 2023: Dørstokkartar i tal
- 1086 dørstokkartar er risikovurdert for Fastlands-Noreg med havområde.
- 157 av dei er vurderte til høg risiko eller svært høg risiko.
- 378 av dei er observert utendørs i Noreg
- 167 av dei er observert i naturen i Noreg, men er ikkje etablert
- Fleire kan etablere seg i Noreg dersom klimaet blir varmare.
Nokre dørstokkartar er allereie på veg inn i norsk natur
Godt over halvparten av dørstokkartane er framleis ikkje registrerte i Noreg. Mange av dei er likevel etablerte i Europa, noko som aukar sannsynet for at dei kan nå Noreg gjennom handel, transport eller naturleg spreiing.
Det er òg verdt å merke seg at mange av dørstokkartane allereie er i Noreg, innandørs eller utandørs. Historia har vist oss at dørstokkartar fort kan endre status, frå å vere ein dørstokkart utanlands til reproduserande i Noreg og etter kvart etablert i naturen.
Fleire av artane som var rapporterte som dørstokkartar i 2018, er no rapportert som reproduserande i Framandartslista 2023. Eksempelvis dei to marine artane havnespy Didemnum vexillum og muslingen Rangia cuneata, samt hageblåbær Vaccinium corymbosum.
Når ein dørstokkart begynner å reprodusere seg i norsk natur, blir han ikkje lenger rekna som ein dørstokkart.
Døme på dørstokkartar med høg risiko i naturen
Sjølv om dei fleste av dei 1086 dørstokkartane som er risikovurderte for Fastlands-Noreg med havområde, ikkje er vurderte som problematiske, finst det fleire viktige unnatak.
I Framandartslista 2023 er 157 dørstokkartar vurderte til høg eller svært høg risiko. Desse artane kan få store negative konsekvensar for naturen dersom dei etablerer seg og spreier seg.
Satsing på dørstokkartar
I Framandartslista 2023 blei over 1000 dørstokkartar risikovurderte – ei unik satsing også i internasjonal samanheng. Dermed er talet på vurderte dørstokkartar tredobla samanlikna med dei 319 artane som blei vurderte til Framandartslista 2018.
Den omfattande vurderinga av dørstokkartar gir oss mykje betre kunnskap om kven dei er, kvar dei er, korleis dei spreier seg og sjølvsagd i kva grad dei kan blir ein trussel i naturen.
Kva slags konsekvensar kan dørstokkartane få?
Dersom dørstokkartar i høgrisikogruppa etablerer seg i norsk natur, kan dei påverke naturmangfaldet på ulike måtar.
- Nesten 40 dørstokkartar kan påverke trua naturtypar
- Nærare 30 dørstokkartar kan spreie sjukdommar og parasittar
- 29 trua artar kan bli påverka av genetisk forureining og andre økologiske effektar
Spørsmål og svar
Korleis vurderer de risikoen til artar som det finst lite kunnskap om i Noreg?
Når det finst lite kunnskap frå Noreg, bruker ekspertane informasjon frå andre land der arta førekjem. Da er det spesielt kunnskap frå område med klima og naturforhold som liknar på Noreg som er relevant. Dersom det finst lite informasjon om arta sjølv, kan vurderinga òg byggje på kunnskap om nærskylde arter med liknande levevis.
Om det er lite kunnskap å byggje risikovurdringa på vil det vises att i større grad av uvisse i vurderingane, som til dømes for Vespa velutina, ein stor stikkeveps frå Asia, som er vurdert til potensielt høg risiko, men med uvisse både til låg og høg risiko. Når kunnskapsgrunnlaget er avgrensa, blir dette gjenspegla i større uvisse i risikovurderinga. På artssida kan du lese kva vurderinga byggjer på, og kva som ligg til grunn for eventuell uvisse.
Kvifor vurderer ein nokre dørstokkart til høg risiko sjølv om dei ikkje finst i norsk natur?
Risikovurderinga handlar om kva som kan skje dersom arta etablerer seg i Noreg. Ein dørstokkart kan derfor få høg risiko dersom han har eit stort invasjonspotensial og er venta å ha stor negativ påverknad på naturmangfaldet.
Siden siteres som
Artsdatabanken, Kva slags dørstokkartar har vi i vente?
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/kva-slags-dorstokkartar-har-vi-i-vente