Revisjon av Framandartslista
Her kan du følgje arbeidet med Framandartslista 2029. Du finn oversikter over når ulike artsgrupper skal vurderast, høyringar og offentleg innsyn, samt ekspertkomiteane som deltek i revisjonsarbeidet.
Innhold
Framandartslista blir publisert i nye utgåver kvart sjette år. Neste utgåve kjem i 2029 og vil omfatte alle artsgrupper, og utgjer den samla og heilskaplege oversikta over framande artar i Noreg.
Revisjonsarbeidet er fordelt over fleire år. Dei ulike artsgruppene blir derfor vurderte og publiserte fortløpande fram mot 2029, før dei blir samla i Framandartslista 2029. I tillegg kan enkeltvurderingar oppdaterast til ei kvar tid når ny kunnskap blir tilgjengeleg.
Dei artsgruppevise vurderingane blir gjennomførte av oppnemnde ekspertkomitear, medan vurderingar av enkeltartar mellom revisjonsåra blir gjennomførte av eit oppnemnt ekspertpanel.
Når blir dei ulike artsgruppene vurderte?
Her ser du når dei ulike artsgruppene er planlagde vurderte og publiserte fram mot Framandartslista 2029. Tidsplanen kan bli justert undervegs.
| Artsgruppe | Planlagd publisering | Arbeidsperiode |
|---|---|---|
| Fuglar | 2026 | haust 2025-2026 |
| Flatormar og rundormar | 2026 | haust 2025-2026 |
| Limiske invertebrater | 2026 | haust 2025-2026 |
| Soppar og eggsporesoppar | 2026 | haust 2025-2026 |
| Terrestriske invertebrater | 2026 | haust 2025-2026 |
| Algar | 2027 | haust 2026-2027 |
| Fiskar | 2027 | haust 2026-2027 |
| Marine invertebrater | 2027 | haust 2026-2027 |
| Amfibium og reptil | 2028 | haust 2027-2028 |
| Pattedyr | 2028 | haust 2027-2028 |
| Mosar | 2028 | haust 2027-2028 |
| Planter | 2029 | vår 2027-2029 |
Oppnemnde ekspertkomitear
Artsdatabanken oppnemner ekspertkomitear som vurderer dei ulike artsgruppene i Framandartslista.
Under finn du komiteane som er oppnemnde så langt. Oversikta blir oppdatert fortløpande.
- Fuglar
- Flatormar og rundormar
- Limniske ivertebratar
- Soppar og eggsporesoppar
- Terrestriske invertebrater
Ekspertane
Les meir om ekspertkomiteane og ekspertpanelet, og kven som er oppnemnde i desse.
Offentleg innsyn
Når risikovurderingane for ei artsgruppe er ferdige, blir dei lagde ut til offentleg innsyn. Då kan alle med relevant kunnskap sende inn innspel før vurderingane blir publiserte.
Siden siteres som
Artsdatabanken, Revisjon av Framandartslista
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/revisjon-av-framandartslista