Åkerdodre
Camelina sativa
Storparten av det norske materialet av slekta Camelina høyrer inn under den framande arten åkerdodre. Han har vorte svært sjeldsynt og er knapt å finne i nyare tid, anna enn som litt forvilla frå dyrking som oljeplante.
Kjenneteikn
Åkerdodre er ein eitt- eller toårig, stivt opprett plante opptil 60 cm. Stenglar og blad er oftast håra med både greina og ugreina hår, stundom snaue. Blada er pilforma og lite eller ikkje tanna. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg sterkt i fruktstadiet. Kronblada er bleikgule. Fruktstanden er tettare enn hos den andre arten (ugrasdodre Camelina alyssum), men likevel nokså open med sprikjande fruktskaft og mange frukter. Skulpeskafta er oftast kortare enn 2 cm og ikkje svært granne. Skulpa er trinn, pæreforma og 5–9 mm lang.
Kromosomtal
Sjå underartane.
Økologi og utbreiing
Sjå underartane.
Kommentarar
Vi reknar med to underartar. Oljedodre subsp. sativa er ein kulturplante som er litt forvilla frå dyrking, men som oftast er komen inn med ballastjord og med korn ved møller og kornsiloar. Sanddodre subsp. microcarpa har nok opphaveleg vore eit ugras i åkrar med oljedodre, og han er komen inn med ballastjord og grasfrø. Sjå meir under sjølve underartane.
Storparten av forfattarar reknar oljedodre og sanddodre som ulike artar, og då som Camelina sativa og Camelina microcarpa. Ein viktig skilnad ligg i frøstorleik: oljedodre, som oftast blir dyrka for dei oljerike frøa, har oftast om lag dobbelt så store frø som ugrasplanten sanddodre.
Forvekslingar
Kjelder
Al-Shehbaz IA og Beilstein MA (2010). Camelina Crantz. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 451–453.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Meikle BD og Akeroyd JR (1993). Camelina Crantz. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 380–381.
Mirek Z (1981). Genus Camelina in Poland: Taxonomy, distribution and habitats. Fragmenta Floristica et Geobotanica 27: 445–507.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Smejkal M (1971). Revision der tschechoslowakischen Arten der Gattung Camelina Crantz (Cruciferae). Preslia 43: 318–337.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Åkerdodre Camelina sativa (L.) Crantz. www.artsdatabanken.no/Pages/345537. Lasta ned <dag.månad.år>.