Fjellskrinneblom
Arabis alpina
Fjellskrinneblom er ein heimleg og vanleg plante i fjellet i heile Fastlands-Noreg. Han går ofte ned i dalføra på elve- og bekkeøyrer. Han veks òg nokre stader på Jan Mayen og Svalbard med Bjørnøya.
Kjenneteikn
Fjellskrinneblom er ei fleirårig urt som veks enkeltvis eller med nokre få rosettar saman på korte utløparar og med stenglar opptil 40 cm. Stengel og blad er oftast grissent stjernehåra (men sjå kommentarar). Blada er store og kvasst bukttanna. Grunnblada er avlange til omvendt eggforma og kortskafta. Stengelblada er eggforma til lansettforma og har hjarteforma grunn som går kring stengelen, og med avrunda bladøyre som er om lag like breie som lange. Blomestanden er ein nokså fåbloma klase som strekkjer seg litt i fruktstadiet. Begerblada er 3–5 mm lange, og to av dei er tydeleg sekkforma ved grunnen. Kronblada er 5–9 mm lange og kvite. Frukta er ei langskulpe på 2–4 cm, og ho sprikjer på eit om lag 1 cm langt, utståande skaft. Veggane har utydeleg midtnerve. Frøa har ein tydeleg vengjekant.
Kromosomtal
Fjellskrinneblom er diploid (kanskje ein sjeldan gong tetraploid) med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16 (32). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Fjellskrinneblom er heimleg og veks på fuktig jord, bekkekantar og snøleie i fjellet, og han går ned i låglandet langsmed vassdrag og stundom på vegkantar og i veggrøfter. Vestpå og nordpå går han òg ned i kjelder og på nordvendte, fuktige berg. Han er lite basekrevjande. Arten er utbreidd frå nordboreal til mellomarktisk sone og opp til høgalpint belte, til 1980 moh. i Vågå (Oppland). Han er vanleg i fjellet i heile Fastlands-Noreg frå Trysil og Stor-Elvdal (Hedmark), Gausdal (Oppland), Nore og Uvdal (Buskerud), Hjartdal (Telemark), Valle (Aust-Agder) og Hjelmeland (Rogaland) til Finnmark. Han er òg funnen som tilfeldig, eller kanskje forvilla, i Hamar (Hedmark). I Arktis er han funnen nokre stader på Jan Mayen og sør på Bjørnøya, og spreidde stader på vestkysten av Spitsbergen frå Hornsund nord til Liefdefjorden.
Den globale utbreiinga er stor og nokså merkeleg. Han veks i Nordaust-Canada, Grønland, i Nord-Europa aust til Ural, og i fjellstrøk i Mellom-Europa og truleg òg i Vest-Asia, i fjell kring Middelhavet og på Kanariøyane, og i fjell i Aust-Afrika, sjå Hultén og Fries (1986). Koch mfl. (2006) har ei interessant utgreiing der dei skriv at arten opprinneleg kan ha spreidd seg tre gonger ut frå Tyrkia.
Kommentarar
Snau fjellskrinneblom var. glabrata A.Blytt er ein særprega plante der stengel og blad er snaue og blada noko saftfulle. Han veks i seine, våte snøleie. Han er sjeldsynt i høgfjellet frå Vinje (Telemark) og Ullensvang (Hordaland) til Lom (Oppland), i Sunndal (Møre og Romsdal), Meldal, Midtre Gauldal og Tydal (Sør-Trøndelag), Meråker og Lierne (Nord-Trøndelag), og spreidde stader frå Hattfjelldal og Hemnes (Nordland) til Tromsø og Nordreisa (Troms). Utbreiinga er lite kjend, og det er uvisst kor høg taksonomisk rang planten fortener, det vil seie om det er best å handsame han som varietet eller underart.
Forvekslingar
Fjellskrinneblom kan berre bli forveksla med hageskrinneblom Arabis caucasica. Hageskrinneblom skil seg frå fjellskrinneblom i at dei nedre blada har ein lang, kileforma grunn, i at stengelblada har spisse, pilforma bladøyre som er tydeleg lengre enn dei er breie, i at kronblada er lengre (10–19 mm mot 5–9 mm), og i at skulpa er lengre (4–7 cm mot 2–4 cm).
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Arabis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 257–266.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 13/4/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Hultén E og Fries M (1986). Atlas of North European Vascular Plants North of the Tropic of Cancer. I. Koeltz Scientific Books, Königstein. 498 s.
Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Arabis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 352–356.
Koch M, Kiefer C, Ehrich D, Vogel J, Brochmann C og Mummenhoff K (2006). Three times out of Asia Minor: the phylogeography of Arabis alpina L. (Brassicaceae). Molecular Ecology 15: 825–839.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Fjellskrinneblom Arabis alpina L. www.artsdatabanken.no/Pages/345500. Lasta ned <dag.månad.år>.