Alperublom
Draba fladnizensis
Alperublom er ein heimleg, småvaksen plante med små blomar og – som andre rublom – utan nokon særskilt mekanisme for spreiing av frøa. Likevel har denne arten ei stor utbreiing globalt, med mange delareal som er godt skilde frå kvarandre. I Noreg er han ikkje særleg vanleg, men veks i store delar av fjellkjeda og i Arktis.
Kjenneteikn
Alperublom er ei fleirårig urt som veks i tette eller meir grisne tuver, ofte med gamle, stive bladrestar ved grunnen. Rosettblada er oftast smale, med ein kraftig, ribbeforma midtnerve som ofte blir sitjande att i fleire år som vissen. Bladkanten har nokså lange, ugreina hår, stundom òg gaffelhår, men aldri meir greina hår. Bladplata er ofte snau, men kan ha lange ugreina hår og nokre gaffelhår. Blomestengelen er oftast snau (nokre få plantar kan ha svært spreidde hår) og har ofte eitt blad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Blomane er små, med kronblad som er 2–3 mm lange, nokså smale, kvite, og dei står på skrå oppover (blomen er halvopen). Fruktstanden er nokså kort. Frukta er ei smalt elliptisk og snau kortskulpe som er 2,5–7,5 mm lang, med ein griffel på opptil 0,3 mm.
Kromosomtal
Alperublom er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Mange teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Alperublom er heimleg og veks i fjellet på tørre berghyller og tørr grus, ofte i sprekkar i steinar, og aldri i tett vegetasjon. Han veks oftast på baserik grunn. Utbreiinga strekkjer seg frå øvre delar av nordboreal til mellomarktisk sone og opp til høgalpint belte, der han er funnen til 2300 moh. i Lom (Oppland). Utbreiinga i fjellkjeda er todelt (bisentrisk), med eitt kjerneområde i sør frå Folldal (Hedmark), Nord-Fron (Oppland) og Ullensvang (Hordaland) nord til Midtre Gauldal og Rennebu (Sør-Trøndelag), og eitt i nord frå Rana og Beiarn (Nordland) nord til Alta, Lebesby, Nesseby og Sør-Varanger (Finnmark), men han er svært sjeldsynt i Finnmark. For utbreiinga i Fastlands-Noreg, sjå Engelskjøn (1990). I den norske delen av Arktis er arten avgrensa til klimatisk lokalt gunstige stader (i mellomarktisk sone) på Spitsbergen: på Sørkapp Land, ved Isfjorden, Kongsfjorden, Krossfjorden og Wijdefjorden.
Den globale utbreiinga er stor. Arten har ei om lag samanhengande utbreiing som arktisk sirkumpolar, men i tillegg er han funnen i fleire meir sørlege fjellstrøk. Han veks i eit lite delområde i Colorado, Utah og Wyoming i sørlege Rocky Mountains i USA, er utbreidd i fjellområde i Mellom- og Sør-Europa frå Pyreneane gjennom Alpane til Karpatane (artsnamnet ‘fladnizensis’ kjem frå skistaden Flattnitz i Kärnten i Austerrike), og i Asia går han sørover i fjella til Altai, Mongolia og til grensa mot Himalaya.
Kommentarar
Det har vore mykje uklårt kring alperublom. Walters og Akeroyd (1993) skriv at arten er “Very variable and divided by some authors into several species”, og dei nemner spesielt Draba lactea (lapprublom) som ein del av denne variasjonen. Allereie Knaben (1966) klårla at Draba fladnizensis og Draba lactea er to distinkte artar på ulike kromosomtalsnivå og utan mellomformer. Dette resultatet blei raskt akseptert i Skandinavia, men mykje seinare ute i Europa og i Nord-Amerika. Alperublom er i røynda ein uvanleg einsforma art med særs liten morfologisk variasjon.
Alperublom går inn i fleire hybridar, til trass for at han har små blomar og truleg hovudsakleg er sjølvpollinert. Hybridar med snørublom, Draba fladnizensis × Draba nivalis (som har fått sitt eige namn, Draba ×curtisiliqua J.E.Zetterst.), er sterile, men er funne fleire stader i fjellet både i Sør- og Nord-Noreg heilt nord til Finnmark, og på Svalbard. Dei er oftast lett kjennelege på blanda hårklednad med lange, ugreina hår og ørsmå stjernehår, og på dei aborterande skulpene. Hybridar med bergrublom, Draba fladnizensis × Draba rupestris, er sterile og er funne i Hol (Buskerud), Ulvik (Hordaland), Oppdal (Sør-Trøndelag), Narvik/Ballangen (Nordland) og Bardu, Sørreisa, Målselv og Storfjord (Troms). Dette materialet er ikkje grundig studert, og fleire av namnfestingane kan vere feil. Ein hybrid med halvkulerublom, Draba fladnizensis × Draba subcapitata, er steril og er funnen éin stad ved Isfjorden på Svalbard. Namnfestinga av denne hybriden er nokså trygg.
Forvekslingar
Den mest nærliggjande forvekslinga er mellom alperublom og lapprublom Draba lactea. Den sistnemnde har mykje større blomar enn alperublom og dei er heilt opne; han har breiare blad og skulper, og blada har, i tillegg til lange, ugreina kanthår, nokre små, uregelrett fleirgreina hår (dendroide hår) på undersida ut mot spissen (bruk sterk lupe!). Frå halvkulerublom Draba subcapitata skil alperublom seg lettast i at halvkulerublom har stengel som er håra med uregelrett fleirgreina (dendroide) hår og dessutan ein svært kort fruktstand med kort eggforma til om lag kulerunde skulper.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.
Brochmann C, Soltis PS og Soltis DE (1992). Recurrent formation and polyphyly of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). American Journal of Botany 79: 673–688.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Engelskjøn T (1990). Draba fladnizensis Wulf. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 58–59 + pl. XIV.
Grundt HH (2003). The arctic-alpine polyploid Draba lactea and its low-ploid relatives – evolution and taxonomy. Dr. scient-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.
Knaben G (1966). Cytotaxonomical studies in some Draba species. Botaniska Notiser 119: 427–444.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Scheen A-C (1999). Molecular and morphological variation in Draba lactea (Brassicaceae) and its putative progenitors in Svalbard. Cand. scient-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Alperublom Draba fladnizensis Wulfen. www.artsdatabanken.no/Pages/345580. Lasta ned <dag.månad.år>.