Det er berre to funn av den framande arten hjartekarse frå Noreg. Begge er knytte til spreiing frå Botanisk hage i Oslo, der han truleg tidlegare har vore dyrka.

Kjenneteikn

Hjartekarse er ei fleirårig urt opptil 40 cm. Planten er snau, bortsett frå på blomeskaft og begerblad, og blågrøn. Stengelen er opprett og greina både frå grunnen og høgare oppe. Grunnblada er frå grunt tanna til fjørdelte, men visnar tidleg. Stengelblada er heile og sitjande, hjarteforma til lansettforma og med stengelomfattande grunn. Blomestanden er ein greina klase (det vil seie ein topp) som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Begerblada er korte og krushåra, med brei, kvit hinnekant. Kronblada er 1,5–1,8 mm lange. Blomane har seks pollenberarar. Pollentrådane er påfallande breie mot grunnen. Frukta er ei tjukk kortskulpe som er 2–2,5(–2,8) mm lang. Ho er om lag rund eller breitt eggforma til omvendt hjarteforma (breiast nedanfor midten).

Kromosomtal

Kromosomtal er ikkje kjende for hjartekarse.

Økologi og utbreiing

Hjartekarse er framand og berre funnen to gonger i Noreg, i 1935 på ei fylling mellom Botanisk hage og Lakkegata i Oslo, og i 1946 på Ola Narr, eit opent område nær Botanisk hage. Det er mest truleg at han var ein flyktning frå Botanisk hage, men det er uklårt om han spreidde seg frå dyrking eller kom inn som ugras.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg frå Kasakhstan gjennom Sør-Sibir og Sentral-Asia til Kina og Korea.

Forvekslingar

Hjartekarse kan berre bli forveksla med strandkarse Lepidium latifolium; begge er fleirårige med snau stengel og kort griffel. Hjartekarse skil seg frå strandkarse mellom anna i at dei øvre blada på stengelen er hjarteforma og stengelomfattande ved grunnen.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Lid J og Lid DT (2005). Norsk flora. 7. utg. ved R. Elven. Det Norske Samlaget, Oslo. 1230 s.

Tai-Yien C, Lianli L, Guang Y, Al-Shehbaz IA og Dorofeev V (2001). Brassicaceae Burnett. I ZY Wu og PH Raven (red.), Flora of China 8. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=2&taxon_id=10120

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Hjartekarse Lepidium cordatum Willd. ex Steven. www.artsdatabanken.no/Pages/345623. Lasta ned <dag.månad.år>.