Holdodre
Myagrum perfoliatum
Holdodre er utbreidd som heimleg i Middelhavsområdet, Sør-Europa og Vest-Asia. I Noreg er arten framand, komen inn med ballastjord og korn, og etter å ha vore fråverande i bortimot 50 år dukka han i 2023 opp på Kyrksæterøra i Hemne i Sør-Trøndelag, uvisst på kva for vis.
Kjenneteikn
Holdodre er ein eittårig, snau plante som kan bli opptil 1 m høg, men som berre er funnen som mykje mindre plantar i Noreg. Grunnblada er skafta, omvendt lansettforma og bukttanna til fjørflika; stengelblada er sitjande med stengelomfattande grunn. Dei er avlange til lansettforma, og heile eller tanna. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Blomeskafta er korte og tiltrykte stengelen. Begerblada er tiltrykte, dei indre litt sekkforma ved grunnen. Kronblada er gule og 3–5 mm lange. Fruktskafta er 3–5 mm lange, tjukke og tydeleg breiare øvst enn nedst. Frukta er ei 5–8 mm lang, hjarteforma til omvendt trekanta kortskulpe med tre rom, eit nedre rom med eitt frø, og to øvre rom som er sterile. Skulpa opnar seg ikkje (nøttskulpe).
Kromosomtal
Holdodre er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Holdodre er framand. Arten kom inn med ballastjord og blei funnen på ein ballastplass i Vikkilen i Grimstad (Aust-Agder) i 1880, på ein ballastplass i Oslo i 1882, på ballastbrygga på Bratteklev i Arendal (Aust-Agder) i 1888, og på ein ballastplass i Skjold i Vindafjord (Rogaland) i 1902. Seinare kom han inn med korn og blei funnen i Sør-Trøndelag ved Pienes mølle i Buvika i Skaun i 1927, ved kornsiloane i Ilsvika i Trondheim i 1974, og heilt nyleg (2023) i Kyrksæterøra i Hemne der det er heilt uvisst korleis han har kome inn.
Den heimlege utbreiinga er i det nordlege Middelhavsområdet og i Vest-Asia; ho strekkjer seg frå Spania aust til Iran.
Forvekslingar
Skulpeformen (som óg er synleg på fruktknuten i blomen) gjer at denne arten ikkje kan bli forveksla med nokon annan krossblome funnen i Noreg.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Myagrum Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 568–569.
Ball PW (1993). Myagrum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 323.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Holdodre Myagrum perfoliatum L. www.artsdatabanken.no/Pages/345642. Lasta ned <dag.månad.år>.