Stripesennep
Diplotaxis erucoides
Stripesennep er ein framand art som berre er funnen nokre få gonger i Oslo: i Oslo hamn og nokre gonger på ein avfallshaug i botanisk hage på Tøyen. Han er ikkje dokumentert etter 1965. Dei kvite kronblada med fiolette striper skil denne arten frå dei fleste andre krossblomar.
Kjenneteikn
Stripesennep er eittårig, opptil 50 cm, med tett dunhåra stengel, blad og begerblad, med nedvende og tiltrykte hår. Planten har grunnblad og fleire blad oppover stengelen. Blada er meir eller mindre buktflika. Grunnblada sit i ein laus rosett og er meir flika enn stengelblada. Blomane sit i ein nokså kort klase og er utan støtteblad. Kronblada er kvite, ofte med fiolette årer, meir fiolette i slutten av bløminga, og 7–13 mm lange. Fruktene er langskulper om lag utan fruktfeste (karpofor). I veggdelen sit frøa i to rekkjer. Frukta har eit tydeleg nebb (griffeldelen), ofte med eitt frø.
Kromosomtal
Stripesennep er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Arten er framand og berre funnen éin gong i Oslo hamn, på “Sjursøya, på fylling ved havna”, i 1961. Han kom truleg sjøvegen med båttransport. Elles har han vore dyrka i botanisk hage i Oslo og er funnen fleire gonger som ugras i og tett inntil hagen frå 1905 til 1965.
Den heimlege utbreiinga omfattar Middelhavsområdet og sør til Etiopia og aust til Iran. Han er kulturspreidd til nokre få plassar i Nord- og Sør-Amerika.
Forvekslingar
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Heywood VH, Akeroyd JR og Martínez-Laborde JB (1993). Diplotaxis DC. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 404–405.
Martínez-Laborde JB (2010). Diplotaxis de Candolle. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 432–433.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Stace (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Stripesennep Diplotaxis erucoides (L.) DC. www.artsdatabanken.no/Pages/345568. Lasta ned <dag.månad.år>.