Hagegull
Erysimum ×marshallii
Hagegull er ein framand art som er ein hagehybrid mellom to gullartar frå høvesvis Alpane og Vest-Asia. Han er funnen forvilla berre eit fåtal gonger i Noreg.
Kjenneteikn
Hagegull er ein fleirårig halvbusk (noko forveda nedst) som er rikt greina med oppstigande til opprette greiner, ofte opptil 50 cm eller meir. Blada er smalt elliptiske og heile. Blomestanden er ein kort klase som ikkje strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Blomane er store og velluktande. Kronblada er 15–35 mm lange, gullgule til oransje og snaue. Frukta er ei 3–8 cm lang, opprett og tiltrykt håra langskulpe med grunt flika arr med to tettstilte, avrunda flikar.
Kromosomtal
Hagegull er heksaploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 42. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Hagegull er ein hagehybrid som er funnen forvilla tre gonger i Noreg: ved Bjerkås i Asker (Akershus) i 1993 og to gonger nær Skallevoll i Tønsberg (Vestfold) i 2003 og 2020. Arten er nokså vanleg som hageplante og kan vere noko oversett, men han er iaugefallande med dei store, gullgule til oransje blomane. Det er lite truleg at han er bufast nokon stad i Noreg. Han er elles funnen forvilla på Dei britiske øyane og i Belgia (ifølgje Plants of the World Online POWO).
Kommentarar
Det er litt usemje om kva for stamtavle arten har, men kanskje skuldast denne usemja nomenklaturen. Forfattarane er samde i at Erysimum perofskianum Fisch. & C.A.Mey. er den asiastiske foreldrearten, men tre artar frå Alpane har vore føreslegne som den andre foreldrearten: Erysimum decumbens (Schleich. ex Willd.) Dennst., Erysimum ochroleucum (Haller f. ex Schleich.) DC. og Erysimum humile Pers. Truleg er desse tre namna synonym for éin og same art (sjå Ball 1993).
Forvekslingar
Hagegull liknar berre på éin annan norsk plante, som òg kan ha oransje kronblad: gyllenlakk Erysimum cheiri. Desse to skil seg i at hagegull har grunt toflika arr med avrunda, tettsitjande flikar, medan gyllenlakk har meir djupt flika arr med sprikjande flikar, og i at frukta hos hagegull er firkanta i tverrsnitt, medan frukta hos gyllenlakk meir samantrykt. Desse karakterane er frå Stace (2019).
Kjelder
Ball PW (1993). Erysimum L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 325–335.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Hagegull Erysimum ×marshallii Bois. www.artsdatabanken.no/Pages/345599. Lasta ned <dag.månad.år>.