Momiedelgran er den mest vanlege arten av edelgran i Japan, men i Noreg er han nokså lite dyrka og kanskje ikkje heilt hardfør. Arten finst mellom anna i dei botaniske hagane i Oslo, Stavanger og Bergen og i arboretet i Svinvik i Surnadal i Møre og Romsdal. Han er svært lite forvilla i Noreg.

Kjenneteikn

Momiedelgran blir eit middelsstort tre, opptil 40(–50) m. Unge stammar har gråbrun bork som med tida flaknar av og blir furete. Unge kvistar er grunt furete og med mørke hår i furene. Knoppane har lite eller inkje harpiks. Nålverket er mørkt grønt og blankt på oversida. Nålene sit i fleire rekkjer og står kamforma ut til sidene slik at skotta blir nokså flate. Nålene er (1,5–)2–3,5 cm lange, nokså stive, på unge tre djupt utranda i enden, på eldre tre frå litt utranda til litt tilspissa. Dei er utan spalteopningar på oversida, men med to grå band på undersida, kvart med 14–16 striper med spalteopningar. Harpikskanalane er i hovudsak mediale, men stundom med små, epidermale kanalar i tillegg. Konglene er 10–13 cm lange. Momiedelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Kromosomtal

Momiedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Momiedelgran er innført som prydtre og stundom dyrka i kyststrøk, men først rapportert som forvilla i 2018–19 i Stranda i Møre og Romsdal, i boreonemoral eller sørboreal sone.

Arten kjem frå Japan, der han er den mest utbreidde arten av slekta på alle dei større øyane unnateke Hokkaido, der han er erstatta av sakhalinedelgran Abies sachalinensis. Han veks ofte saman med eller i kontakt med ein annan art, nikkoedelgran Abies homolepis, som veks på litt høgare nivå. Desse to høyrer til same seksjon, og naturlege hybridar er kjende.

Kommentarar

Det vitskaplege artsnamnet “firma” tyder stiv og syner til dei nokså stive nålene, stivare enn hos mange andre edelgran-artar.

Systematisk høyrer momiedelgran til seksjonen Pseudopicea, ei gruppe med artar i Kina, Korea, Japan og såvidt nord til Russiske fjerne austen. Gruppa inneheld åtte artar, men berre få av desse er dyrka i særleg grad i Noreg og berre som prydtre. Dei to vi kjenner til som dyrka, er nikkoedelgran Abies homolepis og momiedelgran.

Forvekslingar

Berre tre edelgran-artar i Noreg har unge kvistar som er lyst grålege eller gulaktige og anten med bleike hår eller utan hår, nemleg edelgran Abies alba, nordmannsedelgran Abies nordmanniana og momiedelgran. Unge tre av momiedelgran har nåler som er djupt og kvasst utranda, noko som er unikt mellom dei edelgran-artane som er forvilla i Noreg, og dette skil arten godt frå edelgran og nordmannsedelgran.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Momiedelgran Abies firma Siebold & Zucc. www.artsdatabanken.no/Pages/305095. Lasta ned <dag.månad.år>.