Kystdouglasgran var. menziesii er kystrasen av douglasgran i vestlege Nord-Amerika. Han er den som oftast blir dyrka og oftast forvillar seg i Noreg.

Kjenneteikn

Nålverket er gulgrønt. Konglene er 6–10 cm lange med treflika, rette og tiltrykte dekkskjel som stikk langt framom kongleskjela.

Kromosomtal

Kystdouglasgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Kystdouglasgran er den rasen som oftast er dyrka i Noreg, og om lag alle dei plantane som ein har funne forvilla, og som ein kan identifisere til rase, høyrer til denne. Han er med tryggleik funnen inn til Østre Toten i Oppland på Austlandet og i kyststrøk nord til Trondheim i Sør-Trøndelag. Kva for rase plantane frå Levanger og Saltdal høyrer til, veit vi ikkje.

Kystdouglasgran er utbreidd frå litt sør for midten av California og nord til rett sør for grensa til Alaska i British Columbia, og berre i eit nokså smalt belte langsmed Stillehavskysten.

Forvekslingar

Kystdouglasgran skil seg frå fjelldouglasgran var. glauca i fargen på nålverket (meir gulgrøn enn blågrøn), i noko større kongler, og i at dekkskjela i konglene er rette og tiltrykte.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Lipscomb B (1993). Pseudotsuga Carrière. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 365–366.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Kystdouglasgran Pseudotsuga menziesii var. menziesii. www.artsdatabanken.no/Pages/305059. Lasta ned <dag.månad.år>.