Lappfuru er ein nokså kontinentalt utbreidd underart av furu. Underarten er mest funnen i fjellstrøk. Lappfuru veks langsamt og har difor vorte mykje verdsatt som trevirke i bygningar, møblar og treskurd (“malmfuru”).

Kjenneteikn

Lappfuru kan bli opptil 30 m høg og einstamma, men er oftast mykje meir lågvaksen og ofte fleirstamma, stundom krokete, òg når ho veks i skog. Nålene er nokså tjukke, blir berre 2–5 cm lange, og er oftast noko gulgrøne. På eldre tre og kvistar sit buntane av nåler oftast i tydelege, godt skilde kransar og fell først av etter 6–10 år.

Lappfuru har nokså korte, tjukke nåler, og ofte er dei noko meir gulgrøne enn hos skogfuru.

Lappfuru kan bli svært gammal. Dette treet, på Røros, fekk stå att då koparverket elles tok all skogen til bruk i gruvene og smeltehyttene på 1600-talet. Ho kan ha stått frå før den ‘vesle istida’ frå 1400- til 1700-talet.

Kromosomtal

Lappfuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Lappfuru veks i mykje dei same skogtypane som skogfuru, men ho er meir kontinentalt utbreidd og veks hovudsakleg i ås- og fjellområde. Ho har ei oppdelt utbreiing i Noreg, men utbreiinga heng truleg saman gjennom Nord-Sverige og Nord-Finland. Ho veks i dei mest kontinentale fjelldalane i sør, hovudsakleg nord i Hedmark og Oppland og søraust i Sør-Trøndelag, men òg nokre stader langsmed fjellkjeda og i åstrakter i Mjøsområdet, Buskerud og Telemark. I Nordland har lappfuru nokre førekomstar i indre Salten. I Troms og Finnmark er lappfuru det viktigaste bartreet, og den nordlegaste furubestanden i Skandinavia, i Børselv i Porsanger i Finnmark, høyrer til lappfuru.

Elles er lappfuru utbreidd austover gjennom Nord-Russland til nordvestlege Sibir.

Kommentarar

Utbreiinga til lappfuru tyder på at ho er ein svært tidleg innvandrar som truleg kom austfrå, frå Russland inn i Noreg, og som seinare har vorte omringa av og delvis genetisk blanda med den meir ekspansive og sørlege rasen skogfuru. I nord kom ho kort tid etter at isen forsvann etter den siste istida, for kring 10 000 år sidan.

Forvekslingar

Det kan vera vanskeleg å sjå skilnad mellom underartane lappfuru og skogfuru subsp. sylvestris. Lappfuru har tjukke og korte, noko gulgrøne nåler der buntane på noko eldre kvistar på fullvaksne tre sit i tydelege, skilde kransar langsetter kvistane, og der nålene heng på i 6–10 år. Skogfuru har lengre og grannare, noko blågrøne nåler der buntane sit nokså jamt langsetter kvistane på fullvaksne tre, og der nålene heng på berre i 2–5 år. Skogfuru er oftast eit einstamma og rettstamma tre når ho veks i skog, medan lappfuru ofte er eit fleirstamma og noko krokete tre.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Fremstad E og Pedersen O (2013). Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements. Akademika Publishing, Trondheim. 489 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Lappfuru Pinus sylvestris subsp. lapponica (Fr. ex Hartm.) Sylvèn. www.artsdatabanken.no/Pages/305048. Lasta ned <dag.månad.år>.