Praktedelgran er lite dyrka i Noreg og truleg berre som prydtre og for dekorasjonsføremål. Arten er kanskje ikkje heilt hardfør i Noreg. Han er berre funnen forvilla éin stad. I dei siste åra er det denne arten ein oftast finn i sal som pyntegrønt til jul.

Praktedelgran lever opp til namnet sitt. Mykje av det pyntegrønt som er i sal til jul, kjem frå dette treet.

Kjenneteikn

Praktedelgran er eit stort tre, opptil 35 m i Noreg og opptil i alle fall 55 m i heimlandet i vestlege USA. Unge stammar har grå bork, eldre meir raudleg bork. Unge kvistar er furete og med raude hår. Knoppane er utan harpiks. Nålverket er blågrønt eller grågrønt på begge sider. Nålene er kraftig vridne ved grunnen slik at dei står opp frå kvisten, og nålene dekkjer difor ikkje oversida av kvisten. Nålene er 2–3,5 cm lange og butte eller spisse i enden. Oversida er blågrøn eller grågrøn, med 8–13 striper med spalteopningar. Undersida har to smale, kvite band, kvart med 4–5 striper med spalteopningar. Harpikskanalane er epidermale. Konglene er 14–20 cm lange. Praktedelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Kongla hos praktedelgran er kjempestor, står rett opp på kvisten, og dei lange dekkskjela stikk langt framom kongleskjela.

Nålene hos praktedelgran er tiltrykte kvisten nedst, men bøyer seg så utover. Dermed blir kvisten synleg på undersida, men dekt av nåler på oversida.

Unge kvistar hos praktedelgran er furete og tett dekte med raudlege hår. (Nåler er fjerna for at kvisten skal vere synleg.)

Kromosomtal

Praktedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Praktedelgran er berre funnen éin stad som forvilla i Noreg, i skog på Bygdøy i Oslo, først i 2005, og her sikkert forvilla frå hage.

Den heimlege utbreiinga er i kystfjella i Coast Ranges og Sierra Nevada i vestlege USA, frå sørvest i Oregon til midt i California. Arten overlappar med den næraste slektningen, nobelgran Abies procera, med ei sone med overgangsformer sør i Oregon og nord i California.

Kommentarar

Det vitskaplege namnet, “magnifica”, tyder storarta eller praktfull, jf ”magnificient” på engelsk, og syner til at dette er eit staseleg tre.

Systematisk høyrer praktedelgran til den vesle seksjonen Nobilis med berre dei to artane praktedelgran og nobelgran Abies procera, begge frå kystfjella i vestlege Nord-Amerika. Seksjonen er kjenneteikna ved at nålverket er blågrønt eller grågrønt, med nåler som er tiltrykte nedst, men som bøyer seg sterkt ut, og som har mange, samanhengande striper av spalteopningar på begge sider, og knoppar med lite eller inkje harpiks.

Forvekslingar

Dei einaste andre artane av edelgran med grågrønt eller blågrønt nålverk, som er funne i Noreg, er fjelledelgran Abies lasiocarpa, nobelgran Abies procera og koloradoedelgran Abies concolor. Koloradoedelgran og fjelledelgran har knoppar som er heilt dekte med harpiks og nåler som ikkje er tiltrykte kvisten ved grunnen. Nobelgran og praktedelgran har knoppar utan eller med lite harpiks og nåler som ved grunnen er tiltrykte kvisten. Nobelgran skil seg frå praktedelgran i at nålene hos nobelgran har ei tydeleg grop på oversida og i at dei nedste knoppskjela på knoppane er håra heilt ut til kanten, medan praktedelgran ikkje har grop eller berre ei utydeleg grop på oversida av nålene, og i at dei nedste knoppskjela er håra på midten, men snaue ut mot kantane. Dei korte, tiltrykte nålene på oversida av kvisten hos nobelgran skil òg godt mot praktedelgran.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hunt RS (1993). Abies Miller. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 354–362.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Praktedelgran Abies magnifica A.Murray bis. www.artsdatabanken.no/Pages/285857. Lasta ned <dag.månad.år>.