Serbargran kjem frå eit svært lite område på Balkan: i Bosnia og Serbia. I Noreg blir arten mykje brukt som prydtre, i alle fall nord til Midt-Noreg, og han har allereie no truleg ei større utbreiing som dyrka i Noreg enn han har som heimleg på Balkan.

Serbargran har ei smalt kjegleforma krone, ofte med nokre greiner som stikk ut av krona på uventa stader.

Kjenneteikn

Serbargran blir eit stort tre med ei karakteristisk, smalt kjegleforma krone med hengande greiner som bøyer seg opp i endane, slik at fargen på nålundersida synest. Mange tre har òg nokre uregelrett utstikkande greiner, ofte på uventa stader, og treet er uvanleg lite regelrett i formen til å vere ein Picea-art. Unge kvistar er finhåra. Nålene er flate, butte til litt spisse, og har ein låg kjøl på begge sider. Oversida er er blankt mørkgrøne og utan spalteopningar. Undersida har to breie, blåkvite band, kvart med 5–8 striper med spalteopningar. Fargeskilnaden mellom over- og underside av nåla er større enn hos nokon annan art av granslekta som ein finn i Noreg. Dei yngste nålene vender den blåkvite undersida opp på greina. Konglene er nokså små, 3–8 cm lange, med tjukke og tiltrykte kongleskjel med breitt avrunda, litt tanna framkant. Konglene fell av etter 1–2 år. Serbargran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Oversida av nålene hos serbargran er reint grøne, og nålene er oftast nokså butte.

Undersida av nålene hos serbargran har to breie, kvite band med spalteopningar.

Eit særtrekk hos serbargran er at skottspissane bøyer seg oppover slik at den kvite undersida på nålene synes.

Hokongla hos serbargran er lita, smalt eggforma, og har faste, avrunda kongleskjel.

Serbargran har ofte svært rikeleg med kongler, som her har opna seg.

Kromosomtal

Serbargran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Serbargran er innført som prydtre og er i dag den mest hyppige, framande Picea-arten i hagar nest etter blågran Picea pungens. Arten vart først rapportert som forvilla i 2008, er frøforvilla og i ferd med å bli bufast. Serbargran er funnen nokre stader på Austlandet inn til Hedmark og i kyststrøk til Møre og Romsdal, men er truleg noko oversett. Arten veks i nemoral til sørboreal sone.

Serbargran kjem frå eit lite område i austlege Bosnia og sørvestlege Serbia.

Kommentarar

Serbargran er uvanleg velegna til hagebruk av di ho veks raskt, òg i dårleg jord, og handsamar luftureining utan mykje problem. Ho går attende på Balkan og er difor ein truga art der og globalt.

Serbargran er ikkje nært beslekta med dei to andre europeiske granartane (gran Picea abies og orientgran Picea orientalis). DNA-undersøkingar tyder på at dei næraste slektningane er dei nordamerikanske artane svartgran Picea mariana og raudgran Picea rubens. Fossilfunn syner at serbargran hadde ei mykje større utbreiing i Europa før dei pleistocene istidene, og at ho er ein relikt frå Tertiær på Balkan.

Forvekslingar

Serbargran har, i motsetnad til vår heimlege gran Picea abies, avflata nåler, og ho har, i motsetnad til lutzgran Picea ×lutzii og sitkagran Picea sitchensis, ikkje svært kvasse nåler, og nålene manglar heilt spalteopningar på oppsida. Serbargran er ein uvanleg lett art å kjenne att.

Kjelder

Aleksić JM, Ballian D, Isajev D, Mataruga M, Christian T. og Gardner M. (2017). Picea omorika. The IUCN Red List of Threatened Species 2017: e.T30313A84039544. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2017-2.RLTS.T30313A84039544.en Lasta ned 15/11/2023.

American conifer society. https://conifersociety.org/conifers/picea-omorika/ Lasta ned 15/11/2023.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Picea_omorika.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R, Hegre H, Solstad H, Pedersen O, Pedersen PA, Åsen PA og Vandvik V (2018, 5. juni).

Franco, J do Amaral (1993). Picea A. Dietr. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Serbargran Picea omorika (Pančić) Purk. www.artsdatabanken.no/Pages/285841. Lasta ned <dag.månad.år>.