Bergfuru er ein formrik art med tre underartar utbreidde i ein serie frå vest til aust i fjella i Mellom- og Sør-Europa. Arten vart innført til Noreg kring 1860–70 og er no etablert som forvilla i alle landets fylke, spreidd over heile landet.

Bergfuru, her med underarten buskfuru, er ein vanleg prydplante i heile landet.

Kjenneteikn

Bergfuru kan vere ein fleirstamma busk eller eit lite, ofte fleirstamma tre opptil 6 m høgt i Noreg. Barken på stammen er gråbrun til svartgrå og flaknar av i kantete skjel. Greinene er bøygde oppover, og års- og fjorårskvistar er meir enn 5 mm tjukke. Knoppane er butte og klisne av harpiks. Nålene sit to og to saman på kortskott og er 2–7 cm lange. Konglene er om lag sitjande, med eit skaft som er kortare enn 5 mm, og dei sit svært sterkt fast i greina. Dei er butte, blankt brune, retta framover og held seg opprette lenge. Kongla har kongleskjel med apofyse som er frå nokså flat til svært høgt konisk eller pyramidal. Formen på apofysen er ein viktig karakter for skilnad mellom underartane. Bergfuru spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har ei vengje og er vindspreidde.

Kromosomtal

Bergfuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Arten bergfuru er funnen forvilla i sanddyne-område, kysthei, skogkantar, myr og i lågfjellet. Bergfuru stiller små krav, både med omsyn til jordbotn og klima, og ho verkar vere i spreiing i store delar av landet. Bergfuru blei innført til Noreg direkte frå fjellområda i Sør- og Mellom-Europa kring 1860. Arten har hovudsakleg vorte innført for leplanting, men òg som planting for å stabilisere sanddyner og hindre sandflukt. Han blir mykje brukt som prydbusk eller prydtre og noko for brenselbruk. Det er nokså få registreringar av funn som forvilla frå låglandet på Austlandet og i Trøndelag, der bergfuru blir dyrka i stort omfang. Overraskande mange av dei tidlege funna er gjorde på snaue kollar og fjell, og arten er fleire stader funnen i fjellskog og oppe på snaufjellet tidlegare enn han vart funnen forvilla nær plantingar. Enkeltbuskar er funne på fjellvidder over 10 km vekk frå næraste planta bergfuru. Bergfuru toler dei mest kummerlege vekstforholda og trivst med tørke, vind, salting og frost.

Den heimlege utbreiinga til arten strekkjer seg frå Pyreneane, Massif Central (i Frankrike), og noko meir samanhengande frå Alpane til Karpatane og Balkanfjella og sørover i Italia langsetter Appenninane. I heimlanda kan arten vekse til 2400 moh.

Alle tre rasane av bergfuru spreier seg i norsk natur, her i sanddyner på Orresanda på Jæren.

Alle tre underartene av bergfuru spreier seg i naturen, her i kysthei på Frøya.

Og her spreier dei seg i kystlynghei ved Sirevåg på Jæren.

Kommentarar

Bergfuru har tre underartar med ulik, men overlappande utbreiing i fjellstrøka nord for Middelhavet (sjå Gaussen mfl. 2003, Eckenwalder 2009). Nokre forfattarar vurderer desse underartane til å vere artar, medan andre anerkjenner berre to underartar. For detaljar om kva som skil desse, sjå kjenneteikn under underartane. Alle underartane er kjende som forvilla i Noreg, men det er uvisst i kor stort omfang kvar av dei finst. Sjølv om underartane har overlappande utbreiing der dei er heimlege, er dei oftast distinkte. Valet står mellom tre artar, to artar med ein hybridart imellom (rotundata), éin art med tre underartar (som er løysinga vi har valt her), eller éin art med to underartar og ein hybrid-underart.

Forvekslingar

Bergfuru kan bli forveksla med furu Pinus sylvestris, svartfuru Pinus nigra og vrifuru Pinus contorta. Dei har alle nåler som sit to og to saman på kortskott. Bergfuru er mest lik furu, men har om lag sitjande kongler som ikkje heng ned, medan furu har tydeleg skafta kongler som med tida blir hengande. Dei tynne kvistane, og borken som flaknar av i tynne, oransjeraude flak på stammen, skil òg furu frå bergfuru. Svartfuru har dei lengste nålene, opptil 18 cm lange, og kongleskjel med stor fargeskilnad mellom umbo, apofyse og nedre delen av kongleskjelet. Vrifuru har umbo med ein kvass tagg, og dessutan har to av artens tre varietetar serotine kongler der mange kongler blir hengande på greinene i mange år, uopna til det kjem ein skogbrann då dei opnar seg og spreier frøa. Greinene har difor kongler av fleire årgangar i ein serie langsetter kvisten.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023.

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Pinus_mugo.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Gaussen H, Heywood VH og Chater AO (1993). Pinus L. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 40–44.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Bergfuru Pinus mugo Turra. www.artsdatabanken.no/Pages/285817. Lasta ned <dag.månad.år>.