Retningslinjene for risikovurdering av framande artar set klare grenser for kva som artar som skal risikovurderast. Ei av dei er grensa bakover i tid.

Mange framande artar har ei lang historie i Noreg, og ei rekkje av desse har vi liten kunnskap om. Derfor har det vore nødvendig å setje ei grense bakover i tid for kva artar som skal vurderast. Denne grensa er sett til året 1800.

1800-talsgrensa

 

Framande artar som etablerte seg i Noreg etter 1800, skal risikovurderast. Dette gjeld også artar som kom til landet før 1800, men som av ulike grunnar ikkje blei etablert før etter 1800. Med etablert meinast at artane kan produsere levedyktige avkom utandørs utan hjelp frå menneske. (Vurderingmetoden)

Denne tidsgrensa er sett slik fordi oversikta over artsmangfaldet i Noreg var svært mangelfullt før år 1800. I tida etter betra datagrunnlaget seg på grunn av aukande interesse for naturvitskap. 1800-talsgrensa er samanfallande med den som ligg til grunn i Raudlista. (Vurderingsmetode Rødlista 2015)

Konsekvensen av tidsavgrensinga er at enkelte artar, som vi veit er framande, ikkje blir risikovurderte. Slike artar var etablerte som fast reproduserande i Noreg før 1800 og blir i denne samanhengen rekna som stadeigne i Noreg. Å vere etablert som fast reproduserande betyr at arten må har formeira seg utan hjelp frå menneske samanhengande i meir enn 10 år (sjå figur).

Nokre få artar med etablerte bestandar i Noreg før 1800, blir risikovurderte og betrakta som framande artar i dette arbeidet. Eksempel på dette er villsvin Sus scrofa. Villsvinet fanst på Sørlandet rundt år 1000 for så å bli reintrodusert etter 1800 av dyr innførte til Sverige (sekundær introduksjon).

Detaljerte undersøkingar er ofte nødvendige

Somme artar, slik som nyseryllik Achillea ptarmica, er etablerte i god tid før 1800-talsgrensa, og er dermed ikkje risikovurderte. Nokre gonger blir det likevel kravd ei meir inngåande gransking; Edelgran Abies alba og Europalerk Larix decidua blei begge risikovurderte i 2012, men i 2018 er ingen av artane vurderte. Detaljert kjeldegransking viser at begge desse artane sannsynlegvis blei etablert før 1800. I vurderinga av edelgran finst følgjande kommentar: «Den første kjente plantingen av edelgran ble foretatt ved Forstmannshytten ved Hengsvatn på Meheia i Kongsberg kommune i Buskerud fylke i 1745. Her forynget edelgran seg villig, beskrevet en rekke ganger i forstlig sammenheng (Myhrwold 1928, Robak 1950, Opsahl 1948, Børset 1960, Opsahl 1967). Undersøkelser foretatt i 1912 påviste to levende edelgraner fra de eldste plantingene (Myhrwold 1928), og i 1948 ble det ved bruk av tilvekstbor bestemt en alder som samsvarte med plantetidspunkt i 1745. Det ble også påvist en god del gjenvekst av edelgran, hvorav noen ble flyttet til arboretet ved skogmuseet på Elverum (Robak 1950). Edelgran i fri stilling kan sette kongler med spiredyktig frø alt fra 30 års alder (Nedkvitne 1966), og det regnes derfor med at det er sannsynlighetsovervekt for at edelgran har vært fast reproduserende i norsk natur før 1800» (sitat kriteriedokumentasjon for edelgran Abies alba).