Geografisk variasjon i framande artar sin risiko
På grunn av store geografiske variasjonar i Noreg kan framande artar ha ulik påverknad på naturen i ulike delar av landet. I Framandartslista 2023 hadde 18 prosent av dei vurderte artane geografisk variasjon i risiko.
Innhold
Artens risikokategori i Framandartslista gjenspeiler den største påverknaden ein art har, eller kan få, i Noreg eller på Svalbard. For mange artar vil derimot den økologiske risikoen variere innan det potensielle utbreiingsområde slik at risikoen er lågare i nokre deler av utbreiingsområdet.
Årsaka til geografisk variasjon i risiko
Det er ulike årsaker til at arten sin økologiske risiko kan variere innafor utbreiingsområdet. Det kan vere at arten gjer meir skade under enkelte bioklimatiske forhold, eller at den har større påverknad i visse naturtypar. Nokre gonger er også den negative økologiske effekten knytt til ein heimehøyrande art som har avgrensa utbreiing. Dette er til dømes tilfellet for den framande arten alpeklematis Clematis alpina.
Reproduksjon og spreiing er begrensa til visse bioklimatiske soner eller seksjonar
Dei bioklimatiske sonene for landet fanger opp variasjon i temperaturen, medan dei bioklimatiske seksjonane visar variasjonen i humiditet og oseanitet. Både reproduksjon og evne til etablering og spreiing (invasjonspotensial) kan minske langs slike bioklimatiske gradientar, til dømes med høgde over havet om temperatur er avgjerande, eller frå vest til aust om nedbørsmengda er viktig.
Gullfisk Carassius auratus, er ein av mange framande artar som er avgrensa av temperatur, og som difor har geografisk variasjon i risiko i Framandartslista.
Økologisk effekt knytt til bestemte bioklimatiske soner eller seksjonar
Dei bioklimatiske forholda kan òg påverka den økologiske effekten til arten, ikkje berre arten sitt invasjonspotensial. Økologisk effekt kan vere påverka av dei same gradientane i temperatur og fuktigheit som nemnt over. Invasjonspotensial heng derfor ofte saman med artens økologiske effekt.
Sibirportulakk Claytonia sibirica er døme på ein art der den økologiske effekten er knytt til delar av arten sitt utbreiingsområde.
Økologisk effekt knytt til bestemte naturtypar
Nokre framande artar har negativ økologisk effekt, uavhengig av kva naturtype dei opptrer i, som til dømes stillehavsøsters Crassostrea gigas. Risikoen er den same innafor heile det potensielle utbreiingsområde til arten. Men slik er det ikkje for alle framande artar.
Nesten 150 framande artar har variasjon i økologisk risiko fordi effekten på dei heimehøyrande artane er avgrensa til visse naturtypar. Både syrin Syringa vulgaris og gravbergknapp Phedimus spurius er vurdert til svært høg risiko, men problema er størst i den trua naturtypen åpen grunnlendt kalkmark som vi finn rundt Oslofjorden.
Økologisk effekt berre på raudlistevurdert art med avgrensa utbreiing
For 64 av dei framande artane er den negative økologiske effekten avgrensa til ein heimehøyrande art med vesentleg mindre utbreiing enn den framande arten. Til dømes, har ei rekkje krepsdyr (Decapoda) variasjon i geografisk risiko fordi risikoen først og fremst er knytt til områda der det finns edelkreps Astacus astacus. Edelkreps er i Raudlista for artar 2021 vurdert til å vere sterkt trua.
Siden siteres som
Fremmedartslista 2023, Artsdatabanken, Geografisk variasjon i framande artar sin risiko
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/fordypning/geografisk-variasjon-i-framande-artar-sin