Fordjupning Publisert 12.06.2023 11:36 Sist endret 10.08.2023 21:31 Her finner du tema som gjør deg bedre rusta til å forstå vurderingene av fremmede arters risko Endringar frå 2018 til 2023 Framandartslista 2023 inneheld vurderingar av økologisk risiko for godt og vel 800 fleire framande artar enn i lista frå 2018. Dei fleste av dess er nye dørstokkartar. Mange av artane har i 2023 blitt vurdert til ein annan kategori, og ei rekkje artar som i 2018 vart rekna som dørstokkartar er no på plass ute i norsk natur. Kva slags framande artar har vi i vente? Framandartslista 2023 har identifisert ei rekkje høgrisikoartar blant dørstokkartane, og desse kan gjere stor skade i naturen. Sjølv om størsteparten av dei framleis er utanfor Noreg sine grenser har mange teke steget over grensa, og derfrå kan vegen vere kort til naturen. Framande artar som går under radaren Ein vegkant som lyser lilla av lupinar, ein brunskogsnigel i salatbedet, eller ei harlekinmarihøne i den nyinnkjøpte planta frå hagesenteret. Mange framande artar er forholdsvis lette å få auge på med ein gong dei har kome til landet. Men kva med dei framande artane vi ikkje ser? Trua naturtypar vert negativt påverka av framande artar Dei fleste framande artar er knytt til natur som er prega av oss menneskje, men ein del gjer òg skade på trua naturtypar. Oftast påverkar den einskilde framande arten berre ein liten del av naturtypen, men den samla effekten av alle framande artar i naturtypen kan verte stor. Genforureining som økologisk effekt Genforureining er ein av faktorane ekspertane tar i betraktning når dei risikovurderer framande artar. Kva er eigentleg genforureining, og kva er effekten av det? Geografisk variasjon i framande artar sin risiko Noreg er eit langstrakt land med stor variasjon. Framande artar kan derfor ha varierande påverknad i naturen ulike stadar i landet. I Framandartslista er det den mest alvorlege risikoen arten kan ha i Noreg som blir presentert. Slik spreier dei framande artane seg til naturen I Noreg har omlag 1400 risikovurderte framande artar allereie spreidd seg til naturen. Nokre av desse er med vilje sett ut, andre har rømt eller forvilla seg, og atter andre har snike seg med frå andre land som blindpassasjerar. Framande artar på Svalbard Artsdatabanken har gjort eigne risikovurderingar for framande artar på Svalbard. Mange av dei vurderte artane er dørstokkartar, som vi reknar med vil kunne etablere seg etter kvart som klimaet blir varmare. Hva er 1800-tallsgrensa? I arbeidet med å risikovurdere fremmede arter, avgjør 1800-talls grensa om en art skal vurderes eller ikke. Fremmede arter etablert i Norge per år 1800 blir ikke risikovurdert, men de er fortsatt fremmede arter. Regionalt framande ferskvassfisk I Framandartslista 2023 er 13 artar såkalla regionalt framande ferskvassfisk risikovurdert. Fleire av desse utgjer ein stor økologisk risiko i vatn og elvar der dei ikkje naturleg høyrer heime. Hageplanter til begjær og bry Mange framande hageplanter utgjer ein økologisk risiko. Berre unntaksvis vert hageplantar selde i den forma dei oftast veks i naturen, fordi hagebruket formeirar opp spesielle variantar eller gjer kunstige krysningar for å få fram nye variantar. Kunnskapen om dei økologiske eigenskapane til slike nye variantar kan vere mangelfull.