Sibirnattfiol utgjer, saman med ein nordamerikansk slektning, ei lita satellitt-gruppe til dei andre nattfiolane. Medan den nordamerikanske arten (L. obtusata) er ganske vanleg der han finst, er vår sibirnattfiol (L. oligantha) sjeldsynt overalt i Eurasia, sjølv om han har ei vid utbreiing.

Kjenneteikn

Dei to artane liknar svært mykje på kvarandre, slik at kjenneteikna er omtala under arten.

Økologi og utbreiing

Begge artane veks i nordleg skog og open fjellhei, den nordamerikanske heilt nord inn i Arktis. Medan den amerikanske arten er nokså vanleg tvers over kontinentet frå Beringstretet til Atlanterhavet, er den eurasiatiske arten svært sjeldsynt overalt og begrensa til Nord-Skandinavia og eit fåtal spreidde lokalitetar i Sibir og Mongolia (sjå Hultén og Fries 1986: kart 565).

Kommentarar

Medan den nordamerikanske L. obtusata (Banks ex Pursh) Lindl. er diploid (2n = 42), er eurasiatisk L. oligantha (Turcz.) Nevski heksaploid (2n = 126). Korleis og kor heksaploiden har oppstått, er ikkje kjent.

Forvekslingar

Lysiella liknar ikkje så mye på Platanthera, men kanskje meir på kvitkurle Pseudorchis. Han skil seg frå kvitkurle i at han oftast har berre eitt blad, medan kvitkurle har fleire, og i at leppa er smal og heil, medan ho hos kvitkurle er breiast mot enden og treflika.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hultén E. og Fries M (1986). Atlas of North European vascular plants north of the Tropic of Cancer. Vol. 1. Koeltz Scientific Books, Königstein. 498 s.

Plants of the World Online. Royal Botanic Gardens Kew. http://powo.science.kew.org/. Lasta ned 16/11/2021.

Siter nettsida som:

Elven R. Sibirnattfiolslekta Lysiella Rydb. www.artsdatabanken.no/Pages/325529. Lasta ned <dag.månad.år>.