Nattfiol er ein av dei vidast utbreidde og best kjende orkidéane i Noreg, heilt nord til Finnmark og ut i skjærgården. Han blømer i juni (låglandet) eller juli (meir opp og nord i landet) og blir ofte plukka inn av di han har ein fin ange, særleg når det mørknar (derifrå det norske namnet).

Nattfiol er ein nokså vanleg art, her i ei veiskjæring i bjørkeskog i Røros. Alle bilete her er frå heinattfiol subsp. bifolia.

Kjenneteikn

Nattfiol blir ofte ein høgvaksen plante, opptil 50 cm høg. Stengelen er rak, kantete og nokså stiv, og han har oftast to, stundom berre eitt, velutvikla blad ved grunnen og oftast to reduserte blad høgare oppe på stengelen. Blada er omvendt lansettforma eller avlange og oftast butte. Akset er opptil 20 cm langt og oftast nokså grissent, med store, kvite blomar. Dei sidestilte blomeblada peiker utover. Leppa er svært smalt tungeforma og vender nedover. Sporen er 15–40 mm lang, grann, jamntjukk og lite bøygd. Pollenknappromma (med dei to pollinia) er korte og sit parallelt og tett saman (godt synleg på friske blomar). Dette er ein diagnostisk viktig skilnad frå den andre arten, grov nattfiol P. chlorantha. Blomane har ein god, sterk ange, særleg om natta.

Rotknollane er smale, udelte og langspisse.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Leppa er smal og heil, og blomane har ein lang spore. Eit viktig kjenneteikn er at dei to pollenknapp-romma sit parallelt med kvarandre og tett saman.

Kromosomtal

Nattfiol er diploid med grunntal x = 21 og kromosomtal 2n = 42.

Økologi og utbreiing

Nattfiol veks i lauvskog, barskog, open lyng- og grashei og i beitemark, ofte på noko baserik grunn, men han er òg funnen mange stader på basefattig grunn, særleg i kyststrøk. Han er hyppig i om lag heile landet nord til Troms, med nokre meir spreidde funn i Fi Alta, Porsanger og Lebesby. Han går opp til skoggrensa og er funnen til 1300 moh. i Jotunheimen (i Op Lom). Den globale utbreiinga omfattar om lag heile Europa (men ikkje Island) og Vest- og Sentral-Asia aust til Aust-Sibir og Mongolia, og nokre få førekomstar i Nord-Afrika.

Kommentarar

Dei siste tiåra er det blitt klårt at det er to underartar i Noreg (sjå Pedersen og Faurholdt 2010 for karakterar): heinattfiol subsp. bifolia og skognattfiol subsp. latiflora. Desse skil seg i fleire karakterar som er uavhengige av kvarandre, og dei skil seg òg i utbreiing og økologi. Berre delar av det norske materialet (i herbaria i Oslo, Kristiansand og Stavanger) er revidert til no, men mellom dei fleire hundre plantane vi har studert, har vi ikkje funne nokon som tyder på overgangar. I framtida kan desse to underartane kome til å bli rekna som to ulike artar.

Forvekslingar

Nattfiol blir ofte forveksla med den andre norske arten, grov nattfiol P. chlorantha. Om ein ikkje har blømande plantar, veit vi ikkje korleis vi skal kunne halde dei frå kvarandre. Er dei i bløming, er det enkelt. Nattfiol har pollenknapprom som ligg tett saman og parallelt, medan grov nattfiol har pollenknapprom som sit godt frå kvarandre og som sprikjer frå kvarandre nedst i ein vinkel på 45–90°. Sporen hos nattfiol er lite krøkt, jamsmal og spiss, medan han hos grov nattfiol er bogeforma krøkt, noko tjukkare ytst og butt. Blomane hos nattfiol er kremkvite medan dei hos grov nattfiol er litt grønleg kvite. Grov nattfiol har mykje mindre ange enn nattfiol.

Hybridar

Ein hybrid mellom nattfiol og grov nattfiol P. chlorantha er rapportert frå Vf Hof. Hybridar kan vere oversette.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Nattfiol Platanthera bifolia (L.) Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/312237. Lasta ned <dag.månad.år>.