Knerot er ein beskjeden, grågrøn plante ein no og då finn i moserik skog, særleg i barskog. Han er ikkje fargerik, og heller ikkje særleg grøn, av di han nok får hovuddelen av næringa frå soppane han veks saman med.

Kjenneteikn

Blomeblada hos knerot er håra på utsida, noko som ikkje er vanleg i orkidéar.

Knerot er ein nokså småvaksen plante, opptil 30 cm høg, med jordstenglar som kryp i mosen. Planten lever i symbiose med sopp, men har noko klorofyll og er kvitgrøn. Stengelen er knebøygd nedst og fint kjertelhåra øvst. Alle dei velutvikla blada er samla ved grunnen. Dei er tynne, lysgrøne og med tydeleg nervenett. Stengelblada er reduserte. Blomestanden er eit smalt aks. Blomane vender oftast til éi side i akset. Dei er gulkvite, med blomeblad som er 3–4 mm lange og påfallande lodne på utsida. Dei øvre blomeblada er bøygde saman som ein hjelm. Leppa er kortare enn dei andre blomeblada. Inst er ho djupt skålforma (med ei nektargrop) og ytst flat og smalt trekanta. Ho vender ned. Blomen er utan spore.

Kromosomtal

Knerot er diploid med grunntal x = 15 og 16 (14 og 20) og kromosomtal 2n = 30, 32 (28, 40).

Økologi og utbreiing

Knerot er knytta til mose- og sopprik skog, oftast barskog eller bjørkeskog, og ofte, men ikkje alltid, på noko baserik grunn. Arten er éin av dei berre fire orkidéane som ein ofte finn på basefattig grunn i Noreg: dei tre andre er flekkmarihand, småtviblad og myggblom. Ofte veks han òg på store, mosegrodde steinblokkar i ur og på mosedekte berghyller. Han veks ofte tørt, men truleg alltid med noko sesongfukt. Han er funnen over om lag heile landet, men han er ikkje vanleg nokon stad, og han går opp til kring skoggrensa til 930 moh. i Jotunheimen (i Op Lom). Han manglar i ytre og storparten av indre Finnmark, men òg i dette fylket har han eit belte med førekomstar i fjordstrøka frå Alta til Sør-Varanger, og her vidare innover i landet i Pasvikdalen. Globalt er han utbreidd i alle tempererte og boreale delar av den nordlege halvkula.

Forvekslingar

Dei håra blomane og den bleikgrøne fargen på blad og stenglar skil knerot frå alle andre norske orkidear.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fremstad E (2013). Goodyera repens (L.) R.Br. I R Elven, E Fremstad og O Pedersen (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern elements: 221–223. Akademika Publishing, Trondheim.

Siter nettsida som:

Elven R. Knerot Goodyera repens (L.) R.Br. www.artsdatabanken.no/Pages/312223. Lasta ned <dag.månad.år>.