Om ein finn nattfiol som ikkje angar like godt som ein hugsar frå før, og som ikkje har så reint kremkvite blomar som ein hugsar, så har ein truleg funne grov nattfiol. Arten er nokså vanleg i store delar av Sør-Noreg og blir ofte forveksla med nattfiol.

Grov nattfiol veks oftare i eng og anna kulturmark enn det nattfiol gjer, her i Eidsvoll.

Kjenneteikn

Grov nattfiol blir oftast ein høgvaksen plante, opptil 60 cm høg. Stengelen er rak, kantete og nokså stiv og har oftast to, stundom berre eitt, velutvikla blad ved grunnen og oftast to reduserte blad høgare oppe på stengelen. Det eine av dei to store blada ved grunnen er oftast tydeleg større enn det andre. Blada er omvendt lansettforma eller avlange og oftast butte. Akset er opptil 20 cm langt og er oftast nokså grissent, med store, litt grønleg kvite blomar. Dei sidestilte blomeblada peiker utover. Leppa er svært smalt tungeforma og vender nedover. Sporen er 25–35 mm lang, grann, bogeforma bøygd, tjukkare ut mot enden (pressa saman frå sida) og butt. Pollenknappromma (med dei to pollinia) er godt skilde og sit på skrå oppover med ein stor vinkel på oppimot 90° (godt synleg på friske blomar). Dette er ein diagnostisk viktig skilnad frå den andre arten, nattfiol P. bifolia. Blomane har svak, men god ange, særleg om natta.

Nedst på stengelen sit oftast to store blad, og oppover på stengelen nokre mykje mindre blad.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Blomestanden er nokså tett, og sporen står oftast om lag rett ut og er tjukkare mot enden.

Blomen hos grov nattfiol er noko meir grønleg enn hos nattfiol. Eit viktig kjenneteikn er at dei to pollenknapp-romma ikkje sit parallelt, men sprikjer frå kvarandre nedst i bortimot 90° vinkel.

Kromosomtal

Grov nattfiol er diploid med grunntal x = 21 og kromosomtal 2n = 42.

Økologi og utbreiing

Grov nattfiol veks på noko baserik grunn i beite- og slåtteenger og i open, oftast noko kulturpåvirka skog. Han er mykje meir ein engplante enn det nattfiol er. Han er spreidd til nokså vanleg på Austlandet inn til He Stange, Bu Hole og Te Tokke, og i kyst‑ og fjordstrøk til ST Rissa og NT Verran, Stjørdal og Meråker. Han er funnen opp til 530 moh. i Ryfylke (i Ro Sauda). Den globale utbreiinga omfattar storparten av Europa og Vest-Asia austover til Iran.

Forvekslingar

Grov nattfiol kan bli forveksla med den andre norske arten, nattfiol, og om ein ikkje har blømande plantar, veit vi ikkje korleis vi skal halde dei frå kvarandre. Er dei i bløming, er det enkelt. Grov nattfiol har pollenknapprom som sit godt frå kvarandre og som sprikjer frå kvarandre nedst i ein vinkel som kan vere på oppimot 90°, medan nattfiol har pollenknapprom som ligg tett saman og parallelt. Sporen hos grov nattfiol er bogeforma krøkt, noko tjukkare ytst og butt, medan han hos nattfiol er lite krøkt, jamsmal og spiss. Blomane hos grov nattfiol er litt grønlege, medan dei hos nattfiol er reint kremkvite. Grov nattfiol har mykje mindre ange enn nattfiol.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plants. Oslo University Press, Oslo. 134 s. + 54 pl.

Siter nettsida som:

Elven R. Grov nattfiol Platanthera chlorantha (Custer) Rchb. www.artsdatabanken.no/Pages/312238. Lasta ned <dag.månad.år>.