Myrflangre er ein av dei vakraste norske orkidéane, men arten er så sjeldsynt at det ikkje er så mange som har sett han. Han er knytta til utsatte naturtypar og er borte frå storparten av dei stadene der han tidlegare er funnen.

Kjenneteikn

Myrflangre har lang, horisontal og greina jordstengel og veks ofte i store, opne klonar. Stengelen er opptil 40 cm høg, opprett, og har fleire blad, dei største kring midten. Blada er lansettforma og spisse. Klasen er grissen med nokså smale, korte støtteblad og 5–14 blomar som står rakt ut. Dei ytre blomeblada er grøne utvendes og raude innvendes. Dei indre blomeblada er kortare enn dei ytre og er rosa. Leppa stikk langt fram i blomen. Ho er innknipen litt innafor midten og er kvit med rosa striper. Fruktknuten er håra.

Blomestanden er open, med blomar til ei side og med berre små støtteblad.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Dei tre ytre blomeblada er noko mørkare enn dei indre. Leppa har to ledd og gule saftmerke.

Kromosomtal

Myrflangre er truleg diploid med grunntal x = 20(–24) og kromosomtal 2n = 40 (44, 46, 48).

I slektene skogfrue Cephalanthera og flangre Epipactis varierer kromosomtala mykje. Dette er klonale artar, der det kan byggje seg opp kromosomrasar som kanskje har lite seksuell formeiring og difor ikkje så strenge krav til frøformeiring og kromosomal stabilitet.

Økologi og utbreiing

Myrflangre veks i myr og sumpmark på baserik grunn, stundom i vekselfuktige søkk i etablerte sanddyner der sanda inneheld mykje kalkrike skjelfragment. Arten har hatt ei spreidd utbreiing på Austlandet frå Øf Hvaler og Vf Tjøme inn til Ak Nittedal og Bu Ringerike, i Bu Nedre Eiker opp til 330 moh., og einskilde førekomstar på Sørlandet i VA Kristiansand og på Sørvestlandet i Ro Hå og Karmøy. Mange stader har han vorte utrydda ved myrgrøfting. Frå og med 2000 er han kjent frå Kirkøy i Øf Hvaler, Slåttemyra i Ak Nittedal og Abbortjønnmyra i Ak Asker, ei gruppe myrar i Bu Ringerike og Stamnesstranda i Bu Hole, to-tre lokalitetar kring Gjellebekk i Bu Lier, ein serie med førekomstar i åsen sør for Drammensdalen i Bu Nedre og Øvre Eiker, Ognasanda i Ro Hå, og éin lokalitet sør for Åkrasanda i Ro Karmøy. Den globale utbreiinga er vid og strekkjer seg frå Vest-Europa austover til Vest-Sibir og Sentral-Asia.

Kommentarar

Myrflangre er ein av dei artane som har vorte mykje følgd opp i fleire overvakingsprogram, sjå referansane nedanfor. Ei grundig samanfatting av utbreiinga og utfordringane, men no noko forelda, finn ein hos Hanssen (1998).

Forvekslingar

Inga forveksling av denne arten er mogeleg i Noreg.

Kjelder

Bratli H og Stabbetorp OE (2008). Undersøkelse av vegetasjon og forekomst av myrflangre (Epipactis palustris) på Haugerudmyra i Lier kommune. NINA Rapport 397. 34 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1996). Epipactis palustris. I K Fægri og A Danielsen (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: (56–57) + pl. 17b. Fagbokforlaget, Bergen.

Hanssen EW (1998). Myrflangre, Epipactis palustris, i Norge. Blyttia 56: 44–51.

Hanssen EW (2011). Forslag til handlingsplan for myrflangre Epipactis palustris (L.) Crantz 2011–2015. Norsk botanisk forening Rapport 2–2011.

Michelsen F (2020). Buskerud botaniske forenings restaurerings- og skjøtselarbeid på lokaliteter med myrflangre Epipactis palustris i Buskerud (Viken). Blyttia 78: 85–104.

Siter nettsida som:

Elven R. Myrflangre Epipactis palustris (L.) Crantz. www.artsdatabanken.no/Pages/312221. Lasta ned <dag.månad.år>.