Fuglereir er ein sjeldsynt og spennande plante. Han stikk seg ut i at han ikkje har klorofyll, og om ein grev han opp, har han eit tett rotknippe som eit fuglereir. Røtene er i kontakt med sopphyfar, og arten lever saprofyttisk (eller kan hende meir parasittisk) på soppen.

Kjenneteikn

Fuglereir har eit tett rotknippe i kontakt med sopphyfer. Planten kan bli opptil 40 cm høg. Han er gulbrun og utan klorofyll, og han er utan utvikla blad, berre med skjelblad som er skruestilte på stengelen. Blomestanden er ein tett klase med nokså talrike, bleikbrune blomar. Alle dei fem sidestilte og øvre blomeblada er bøygde framover, men dei er ikkje bøygde saman som ein hjelm. Leppa er lang og mørk med to butte, sprikjande flikar i spissen.

Kromosomtal

Fuglereir er diploid med grunntal x = 18 og kromosomtal 2n = 36.

Økologi og utbreiing

Fuglereir veks berre på baserik grunn og oftast i edellauvskog og beslekta skogtypar, stundom òg i rik barskog (særleg kalkfuruskog). Arten er utbreidd, men ikkje vanleg, på Austlandet inn til He Stange og Bu Ringerike og i kyst-, fjord- og dalstrøk nord til ST Åfjord og NT Inderøy. Lenger nord har han meir spreidde førekomstar i NT Leka og i No Bindal, Sømna, Beiarn, Steigen, Tysfjord, Narvik og Evenes. Han er ein låglandsplante, berre funnen opp til 440 moh. i Te Tokke. Den globale utbreiinga omfattar storparten av Europa (men ikkje Island) og Vest- og Midt-Sibir, Vest-Asia austover til Persia, og Nordvest-Afrika.

Forvekslingar

Fuglereir liknar ikkje på nokon annan norsk plante.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plants. Oslo University Press, Oslo. 134 s. + 54 pl.

Siter nettsida som:

Elven R. Fuglereir Neottia nidus-avis (L.) Rich. www.artsdatabanken.no/Pages/312232. Lasta ned <dag.månad.år>.