Fjelleiner veks oftast som låge kratt, her ved ei setergrend i Sjodalen i Vågå.

Fjelleiner er ein fjellrase av einer. Utbreiinga kan vera sirkumpolar, men ein veit ikkje sikkert, då storparten av dei nordamerikanske plantane skil seg noko frå dei i Eurasia. Fjelleiner er ein svært viktig komponent i kratta i fjellskogen, lågfjellet og i lågarktiske område nord for den polare skoggrensa.

Kjenneteikn

Fjelleiner er ein låg, ofte krypande busk. Toppen av skotta er ikkje lange og nikkande. Nålene er båtforma, noko innbøygde og ikkje særleg kvasse. Dei er oftast 0,5–1,5 cm lange. Det kvite bandet av spalteopningar på bladoversida er om lag dobbelt så breitt som kvar av dei grøne kantane.

Nålene hos fjelleiner er kortare, breiare og ikkje så kvasse som hos bakkeeiner.

Det kvite bandet med spalteopningar på oversida av nålene er svært breitt hos fjelleiner.

Den svært breie stripa med spalteopningar på oversida av nålene er eit godt kjenneteikn for fjelleiner.

Kromosomtal

Fjelleiner er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22.

Økologi og utbreiing

Fjelleiner veks i tørr fjellskog, hei og beitemark i fjellet. Han er lite næringskrevjande og er vanleg i fjellet i heile landet. Fjelleiner er vanleg i nordboreal og subarktisk sone og i lågalpint belte, og han er óg funnen opp i mellomalpint belte.

Fjelleiner har ei amfi-atlantisk utbreiing som inkluderer Grønland, Nord- og Mellom-Europa og Nord- og Mellom-Asia, truleg òg over Beringstretet til Alaska. Utbreiinga kan vera om lag sirkumpolar, men det er uvisst om dei nordlege plantane elles i Nord-Amerika høyrer til same rasen som dei i Eurasia. For ein diskusjon kring fjelleiner, sjå Elven mfl. (2011).

Fjelleiner er ein av dei to i heile slekta som går nord til Arktis, her riktig nok ikkje heilt opp, men til Børselv i Porsanger.

Forvekslingar

Det kvite bandet av spalteopningar på bladoversida er opptil dobbelt så breitt som kvar av dei grøne kantane hos fjelleiner. Hos bakkeeiner er det blåkvite bandet av spalteopningar på bladoversida om lag jambreitt med kvar av dei grøne kantane. Fjelleiner har òg mykje kortare og ikkje så kvasse nåler som bakkeeiner.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven, R., Murray, D.F., Razzhivin, V. og Yurtsev, B.A. (utg.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF) Vascular plants. http://panarcticflora.org/

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Fjelleiner Juniperus communis subsp. nana (Willd.) Syme. www.artsdatabanken.no/Pages/305104. Lasta ned <dag.månad.år>.