Ein del av dei einerbuskane ein ser dyrka i hagar og parkar i Noreg, høyrer til kinaeiner. Han er brukt som prydbusk i alle fall nord til Midt-Noreg. Det er dokumentert at han kan forville seg i Noreg, med frø spreidde i bærkongla, men han er svært sjeldsynt som forvilla.

Kjenneteikn

Kinaeiner er særbu, dvs. med særskilde hann- og hoplantar. Han er ein busk eller eit lite tre med ei rekkje vekstformer, særleg i form av ulike kultivarar. I heimlanda kan han bli opptil 20 m høg. Nålverket er oftast grågrønt. Unge blad er nålforma og sit i par eller tre og tre saman, medan eldre blad er skjelforma, tiltrykte og sit to og to saman i motsette par. Langsetter oversida har nåla eller bladet ei grunn fure med spalteopningar. Ved grunnen av nåla er det ikkje eit ledd, eit trekk som skil han frå einer Juniperus communis, og bladgrunnen er noko nedløpande på kvisten. Hannkonglene er gule, og kinaeiner spreier pollenet om våren. Pollenet er vindspreidd. Hokonglene sit i enden av kvistane, og ikkje i hjørne av nålbuntar som hos einer. Dei er grøne første året, men blir andre året blåsvarte og med eit vokslag; dei er “dogga”. Frøa sit i ei litt saftig bærkongle som er samanvaksen av tre samanvaksne dekkskjel og kongleskjel. Konglene blir spreidde med fugl.

Dei yngste skotta hos kinaeiner har kvasse, sprikjande nåler i kransar på tre, medan eldre kvister har motsette, skjelforma blad.

Nålene hos kinaeiner er utan ledd ved grunnen og noko nedløpande på kvisten, heilt ulike nålene hos heimleg einer. 

Skott med skjelforma blad hos kinaeiner, og med blå bærkongler.

Kromosomtal

Kinaeiner er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22, men frå kultivarar og hagehybridar der han inngår, er det òg kjent triploide og tetraploide tal, 2n = 33 og 2n = 44. Polyploidi er elles svært sjeldsynt hos nakenfrøingar.

Økologi og utbreiing

Kinaeiner er dyrka som prydbusk eller som eit lite prydtre i Noreg, men han er lite forvilla. Han er berre funnen i Oslo i 1999, utan økologisk informasjon, i ei bergskorte på Svanøy i Flora i Sogn og Fjordane i 1982, og i/ved ein mur i Korsvika i Trondheim i Sør-Trøndelag i 2012. På dei to siste stadane må han vere spreidd med fugl, men det er tydeleg at han forvillar seg dårleg i Noreg.

Arten er heimleg i Aust-Asia frå Sakhalin sørover gjennom Korea, Japan og Kina til Taiwan og vestover til Mongolia.

Kommentarar

Kinaeiner har vore dyrka lenge som prydplante i Aust-Asia, og det er kjent meir enn 100 kultivarar, nokre av dei som hagehybridar med andre artar. Han er difor mangforma, og det kan vere vanskeleg å plassere nokre av hageplantane i art. Kinaeiner er òg vanleg som bonsai, eit forkrøpla og sveltefôra dvergtre.

Forvekslingar

Kinaeiner og himalayaeiner Juniperus squamata liknar noko på vår heimlege einer Juniperus communis, men medan vår heimlege einer har nåler med eit ledd ved grunnen, og som ikkje er nedløpande, har dei to andre noko nedløpande nåler utan ledd ved grunnen. Hokonglene hos kinaeiner og himalayaeiner er endestilte på skotta, medan dei hos vår heimlege einer er sidestilte ved grunnen av ein nålkrans.

Kinaeiner skil seg frå himalayaeiner i at blada er nålforma berre på unge skott, medan dei er skjelforma og parvis motsette på eldre skott. Hos himalayaeier er alle blada nålforma og sit i 3-talskransar.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Fu LK, Yu YF og Farjon A (1999). Cupressaceae. I Wu ZY og Raven PH (utg.), Flora of China 4: 62–77.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Kinaeiner Juniperus chinensis L. www.artsdatabanken.no/Pages/305105. Lasta ned <dag.månad.år>.