Nutkasypress er innført som prydtre og er nokså vanleg å sjå i norske hagar og parkar. Han har starta å spreie seg ut i naturen. Han kjem frå vestlege Nord-Amerika.

Nutkasypress kan bli eit mellomstort tre, her i Øverland arboret i Bærum.

Kjenneteikn

Nutkasypress kan bli eit mellomstort tre på 10–20 m i Noreg, og opptil 40 m i Amerika. Førebels er han funnen som busk som forvilla i Noreg. Han har gråbrun bork som sprekk opp på langs. Nutkasypress er sambu. Skottsystemet er avflata og vifteforma. Småskotta er nokså trinne. Blada er motsette og like på alle sider av kvisten. Dei er spisse, matt grøne og utan kjertel eller med ein rund kjertel. Toppen av midtblada på skottet når oftast over grunnen til midtbladet ovanfor. Konglene er små, frå 8 til 12 mm, kuleforma, og med noko harpiks. Dei har 4–6 treharde, skjoldforma, samanvaksne dekk- og kongleskjel med ein høg, torneforma pukkel på ryggen. Nutkasypress spreier pollenet om våren eller forsommaren og er vindpollinert. Frøa har to vengjer og er hovudsakleg vindspreidde.

Kvistene hos nutkasypress er trinnare enn hos tuja, fordi skjelblada på sidene av kvistene ikkje har kjøl. Denne kvisten har hannkongler.

Konglene hos nutkasypress har fire til seks skjoldforma kongleskjel, kvart med ein høg, torneforma pukkel på ryggen.

Kromosomtal

Nutkasypress er rapportert som diploid med grunntal x = 11? og kromosomtalet 2n = 22?, men det er berre kjent éi telling.

Økologi og utbreiing

Nutkasypress er innført som prydtre i Noreg. Arten vart først rapportert som forvilla i 1935 og er truleg ikkje bufast med reproduserande bestand i norsk natur enno. Han er frøforvilla i skog og berg og er funnen i Akershus, Buskerud, Vest Agder, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Han er funnen i boreonemoral og sørboreal sone.

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg i dei kystnære fjellkjedane i vestlege Nord-Amerika frå søraust i Alaska til nordvest i California.

Kommentarar

Nutkasypress er eit langlevd tre, som nok er godt over 50 år før det produserer frø. Det er difor truleg at det berre er første generasjonen av forvilla plantar vi førebels finn i norsk natur. Det kan vere meir av han der ute enn vi veit i dag.

Sjå omtalen under slekta Callitropsis for den systematiske posisjonen.

Forvekslingar

Nutkasypress kan bli forveksla med dei to artane i slekta Chamaecyparis: Lawsonssypress og ertesypress. Alle tre har samanvaksne dekkskjel og kongleskjel, men i Chamaecyparis har dei samanvaksne skjela berre ein liten, tappforma spiss, medan nutkasypress har skjel med ein tornforma spiss. Nutkasypress kan òg bli forveksla med slekta Thuja. Kulerunde kongler med samanvaksne dekkskjel og kongleskjel som er skjoldforma (festa på midten), skil nutkasypress frå tuja som har eggforma kongler med samanvaksne dekkskjel og kongleskjel, som er lansettforma, sprikjande og festa ved grunnen.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Michener DC (1993). Chamaecyparis Spach. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 408–410.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Nutkasypress Callitropsis nootkatensis (D.Don) Oerst. www.artsdatabanken.no/Pages/285867. Lasta ned <dag.månad.år>.