Nålesypress er eit langsamt veksande tre som kan bli middels høgt. Arten kjem frå Japan og er innført som prydtre. Han er mykje i bruk i Noreg, men lite forvilla enno.

Nålesypress er nokså vanleg i norske hagar og parkar. Her frå Hokksund i Øvre Eiker.

Kjenneteikn

Nålesypress er eit tre på opptil 20 m med hengande toppskott. Stammen har raudbrun til kastanjebrun bork som etter kvart flaknar av. Skotta er avflata og vifteforma. Blada er tiltrykte, motsette og langspisse, og dei sit i fire tydelege rekkjer, to på flatene og to i kantane. Blada på oversida av kvisten er blankt grøne og har ein lite markert, avlang kjertel. Blada på undersida av kvisten er blågrøne og med ein kvit flekk med spalteopningar ved grunnen. Pollensekkane er gule. Hokonglene er kuleforma, om lag ertestore og opptil 8 mm breie, og dei sit i tette knippe. Dei er først grågrøne, sidan blir dei brune, med 8–12 samanvaksne dekkskjel og kongleskjel, kvart med ein svært liten, butt tapp på ryggen. Frøa har to vengjer, éin på kvar side, som er breiare enn kroppen på frøet. Nålesypress spreier pollenet om våren eller forsommaren og er vindpollinert. Frøa er hovudsakleg vindspreidde.

Nålverket hos ertesypress er friskt grønt, med trinne skott med skjelblad i fire tydelege rekkjer.

Konglene hos ertesypress er små, som erter (jf. det vitskaplege artsnamnet, "pisifera" tyder den som ber erter), og har åtte til tolv skjoldforma kongleskjel, kvart med ein svært liten tapp på ryggen.

Frøa hos ertesypress har to vengjer, éi på kvar side, og vengjene er breiare enn kroppen på frøet.

Kromosomtal

Nålesypress er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22.

Økologi og utbreiing

Nålesypress er innført som prydtre og vart først rapportert som forvilla i 2014. Han er truleg ikkje bufast enno, men han er funnen som frøplantar på berg, vegkantar og skrotemark. Nålesypress er funnen i Buskerud og Vest Agder, men er truleg ein del oversett.

Den heimlege utbreiinga er avgrensa til Japan, der arten veks på fuktig jord i eit fuktig, temperert klima.

Kommentarar

Tømmer av nålesypress er svært omtykt i Japan. Større etterspørsel enn tilgang førte til at dei starta med import av nutkasypress frå Alaska til Japan. Artsepitetet “pisifera“ tyder “han som ber erter” og kjem av dei om lag ertestore og kulerunde hokonglene.

Forvekslingar

Dei to artane i slekta Chamaecyparis kan bli forveksla. Nålesypress har blad med ein utydeleg kjertel, blada på undersida av kvistane er noko blågrøne, og hokongla er berre opptil 8 mm brei. Lawsonsypress har blad med ein tydeleg og noko gjennomskinleg kjertel, blada på undersida av kvistane er bleikgrøne (men ikkje blågrøne), og hokongla er 8–12 mm brei. Nålesypress kan òg bli forveksla med nutkasypress Callitropsis nootkatensis. Nutkasypress har samanvaksne dekkskjel og kongleskjel med ein tornforma spiss, medan nålesypress har skjel med ein låg, nokså butt tapp. Kulerunde kongler skil lawsonsypress frå tujaslekta som har eggforma kongler.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/cu/Chamaecyparis_pisifera.php Lasta ned 16/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Michener DC (1993). Chamaecyparis Spach. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 408–410.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Nålesypress Chamaecyparis pisifera (Siebold & Zucc.) Endl. www.artsdatabanken.no/Pages/285871. Lasta ned <dag.månad.år>.