Tuja kjem frå austlege Nord-Amerika og har vore dyrka i Noreg sidan ca. 1870. Arten er særdeles mykje i bruk som hekkplante i private hagar, men får ei finare vekstform som eit frittståande tre. Eit stort antal kultivarar med ulike vekstformer og eigenskapar er utvikla.

Tuja er truleg den mest vanlege prydplanten i norske hagar.

Kjenneteikn

Tuja blir eit lite tre opptil 5–15 m. Han er sambu, altså med hann- og hoblomar på same planten. Han har flate skott med motsette, skjelforma, taklagte blad i fire rekkjer, éi rekkje med om lag flate blad utan kjøl på kvar flatside og éi rekkje med samanfolda blad med kjøl i kvar kant. Skotta er flate og tettgreina med tettstilte, motsette og gulgrøne blad. Blada langsmed midten av oversida av kvisten har ein stor, gjennomskinleg kjertel. Blada langsmed kanten av kvisten har innbøygd topp. Blada på undersida av kvisten er gulgrøne. Konglene er avlangt eggforma og små, berre opptil 12 mm, og vender oppover på kvisten. Dei har oftast 8–10 tørre og nokså flate, samanvaksne dekk- og kongleskjel, og oftast har fire av dei frø. Tuja spreier pollenet om våren eller forsommaren og er vindpollinert. Frøa har to vengjer og er vindspreidde.

Blada hos tuja er skjelforma. Dei på oversida av skotta er flate og har ein tydeleg kjertel, dei på sida av skotta er folda saman og har ein kjøl.

Blada på undersida av skotta hos tuja er lysare enn dei på oversida og utan kjertel.

Konglene hos tuja er avlangt eggforma, her umogne kongler.

Mogne kongler hos tuja opnar seg med sprikjande kongleskjel.

Kromosomtal

Tuja er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22.

Økologi og utbreiing

Det er grunn til å tru at tuja var det første treet som vart introdusert frå Nord-Amerika til Europa som prydtre, kring 1566. I Noreg er arten innført, og han vart først rapportert som forvilla i 1952. Han er no bufast i norsk natur og i nokså rask auke som forvilla. Tuja er naturalisert i berg og skog, etter frøspreiing, og elles vaksen opp frå hageutkast i skog-, vass- og vegkantar. Han er funnen spreidde stader på Austlandet inn til Ringsaker i Hedmark og i kyststrøk nord til Halsa i Møre og Romsdal, med nokre svært spreidde funn vidare nordover til Alstahaug og Steigen i Nordland og Tromsø i Troms. Tuja er funnen frå nemoral til sørboreal sone, såvidt inn i mellomboreal sone.

Tuja kjem frå austlege Nord-Amerika med hovudutbreiinga kring dei store sjøane, frå Ontario og Québec sør til North Carolina. Som heimleg i Nord-Amerika er han karakteristisk for fuktig eller myrlendt skog og flaummark, ofte på torv eller sumpjord.

Tuja har vore dyrka lenge i landet, men spreier seg no oftare med frø enn han gjorde tidlegare.

Kommentarar

Det finst meir enn 120 navngjevne kultivarar av tuja. Tuja har vore planta i eit enormt omfang i Noreg dei siste femti åra. Ei akselererande spreiing og etablering er forventa i skog og mark, når dei tallause plantane som er sette ut i hagar, blir gamle nok til å produsere frø. Tuja ser ut til å setje mykje meir frø i dag enn tidlegare, truleg som følgje av klimaendringar. Han set effektivt rotskott frå nedfelte tre.

Forvekslingar

Tuja kan bli forveksla med kjempetuja Thuja plicata, men óg med nutkasypress Callitropsis nootkatensis og lawsonsypress Chamaecyparis lawsoniana. Hos tuja er blada på undersida av skottet jamt grågrøne eller gulgrøne, medan blada på undersida av skottet hos kjempetuja har blåkvite flekkar. Nutkasypress-slekta og lawsonssypress-slekta har trinne skott med liten skilnad mellom blada på midten og dei i kanten av skottet, då kantblada ikkje er samanfolda og har trinn rygg, medan tuja har avflata skott med tydeleg skilnad mellom blada på midten og dei i kanten av skottet, då kantblada er samanfolda og har kjøl.

Kjelder

Chambers KL (1993). Thuja Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 410–411.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Tuja Thuja occidentalis L. www.artsdatabanken.no/Pages/285865. Lasta ned <dag.månad.år>.