Bakkeeiner er ein låglandsrase som er utbreidd i Europa og Asia.

Kjenneteikn

Bakkeeiner er ein busk eller eit lite tre med ei rekkje vekstformer. Bakkeeiner kan vera lågt til høgt og breitt buskforma, treforma eller søyleforma. Toppen av skotta er lange og nikkande. Nålene er smale, kvasse og sprikjande, oftast 1–2 cm lange. Det blåkvite bandet av spalteopningar på bladoversida er om lag jambreitt med kvar av dei grøne kantane.

Nålene hos bakkeeiner er smale, sprikjande, kvasse, og har eit tydeleg band med spalteopningar på oversida.

Her ser ein at nålene hos vår heimlege einer har eit litt fortjukka ledd ved grunnen, noko dei framande artane av slekta ikkje har.

Kromosomtal

Bakkeeiner er diploid med grunntal x = 11 og kromosomtalet 2n = 22.

Økologi og utbreiing

Bakkeeiner veks i tørr skog, hei og beitemark, og er vanleg i heile landet opp til noko over skoggrensa, frå nemoral til nordboreal sone og opp i lågalpin. Han er lite næringskrevjande.

Bakkeeiner er utbreidd i Europa og Sør-Sibir.

Kommentarar

Krypande buskar på kysten har ofte meir innbøygde og kortare nåler og kan likne mykje på fjelleiner, men er truleg berre modifikasjonar av bakkeeiner.

Vår bakkeeiner blir erstatta av ein annan, snarlik rase i Nord-Amerika: subsp. depressa (Pursh) A.E.Murray (sjå Adams 1993).

Forvekslingar

Hos bakkeeiner er det blåkvite bandet av spalteopningar på bladoversida om lag jambreitt med kvar av dei grøne kantane. Hos fjelleiner er det kvite bandet av spalteopningar på bladoversida opptil dobbelt så breitt som kvar av dei grøne kantane. Bakkeeiner har òg relativt sett smalare og mykje spissare og meir sprikjande nåler enn fjelleiner.

Kjelder

Adams RP (1993). Juniperus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico 2: 412–420.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Skogeiner Juniperus communis subsp. communis. www.artsdatabanken.no/Pages/305103. Lasta ned <dag.månad.år>.