Nye vurderingar i 2026
Oppdatert kunnskap om gruppene limniske og terrestriske virvellause dyr, soppar, fuglar og eggsporesoppar finn du her. Fleire artar har fått høgare risikokategori, og fleire nye framande artar er registrerte for første gong.
Innhold
Framandartslista under utvikling
Vi arbeider med å vidareutvikle den tekniske løysinga slik at vurderingane til ei kvar tid er oppdaterte.
I ein overgangsperiode vil artane som publiserast i 2026 få si eiga liste.
Kva er nytt?
Sidan Framandartslista 2023 vart publisert, er det gjennomført 812 reviderte eller nye risikovurderingar. Av desse har 84 artar ikkje vore risikovurderte tidligare. Samstundes har 37 artar byrja å reprodusere seg i norsk natur, og 91 artar har fått høgare risiko. Vurderingane gir oppdatert kunnskap om både etablerte artar og dørstokkartar.
Oppdaterte artsgrupper:
- limniske og terrestriske virvellause dyr
- leddyr (insekt, krepsdyr og edderkoppdyr)
- bløtdyr
- rundormar
- flatormar
- hjuldyr
- mosdyr
- begerormar
- nesledyr
- soppar
- fuglar
- eggsporesoppar
Av tekniske årsaker er òg tre risikovurderingar av planter reviderte.
Sjå kva artsgrupper som er vurderte og kva som står for tur
84 nye framande artar er vurderte
Halvparten av dei nye artane er allereie registrerte i Noreg, medan resten er dørstokkartar som kan etablere seg i framtida. Dei nye vurderingane gir viktig kunnskap om artar det kan vere grunn til å følgje med på i åra som kjem.
Dei mest skadelege artane er ikkje alltid dei vi kan sjå
Parasittar og andre sjukdomsorganismar kan følgje med plantar, jord, trevirke og dyr utan at vi oppdagar det. Nye risikovurderingar viser kva artar som kan utgjere størst risiko for norsk natur.
Kvifor blir vurderingane oppdaterte?
Risikovurderingar byggjer på kunnskapen vi har om artane på vurderingstidspunktet.
Når vi får ny kunnskap om korleis ein art spreier seg eller påverkar naturen, kan vurderinga endre seg. Løpande oppdateringar gjer at kunnskapsgrunnlaget blir meir aktuelt og kan nyttast i forvaltning og ved avgjerder som gjeld naturen.
Siden siteres som
Artsdatabanken, Nye vurderingar i 2026
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/nye-vurderingar-i-2026