Offentleg innsyn
Kvart år legg vi foreløpige risikovurderingar av framande artar ut til offentleg innsyn. Har du kunnskap som kan styrke vurderingane, kan du sende innspel i innsynsperioden. Målet er å styrke kunnskapsgrunnlaget og kvaliteten på vurderingane.
Innhold
Er det offentleg innsyn no?
Det er for tida ikkje ope for offentleg innsyn i Framandartslista. Neste innsyn blir kunngjort på denne sida når nye foreløpige risikovurderingar blir lagde ut.
Når blir offentleg innsyn gjennomført?
Det blir normalt gjennomført offentleg innsyn i Framandartslista éin gong i året, vanlegvis om våren.
Ulike artsgrupper blir reviderte kvart år, og når vurderingane er klare, blir dei lagde ut til offentleg innsyn før dei blir publiserte i endeleg versjon.
Lurer du på når ulike artsgrupper skal vurderast?
Sjå oversikten over revisjonsarbeidet for Framandartslista.
Kvifor offentleg innsyn?
Kunnskapen om mange framande artar er mangelfull. Derfor legg vi foreløpige risikovurderingar ut til offentleg innsyn. Innspel frå fagmiljø, organisasjonar og andre med relevant kunnskap kan styrke kunnskapsgrunnlaget før dei endelege vurderingane blir publiserte.
I nokre tilfelle kan ny informasjon føre til endringar i risikokategori eller i anna viktig informasjon i lista.
Kva for innspel er relevante?
Innspill til innsynet bør vere nyttige og relevante for å styrke kunnskapsgrunnlaget og kvaliteten på vurderingane.
Døme på relevante innspill:
- funn av den framande arten som ikkje er inkluderte i vurderinga
- kunnskap om dei økologiske effektane arten har i Noreg
- faglitteratur som ikkje er nytta i vurderinga
- relevante upubliserte data
Korleis blir innspela nytta?
Innspela blir vurderte av ekspertgruppa før dei endelege risikovurderingane blir publiserte.
I nokre tilfelle kan ny informasjon føre til at datagrunnlaget, vurderinga eller risikokategorien blir endra.
Ikkje alle innspel fører til endringar, men alle relevante innspel blir vurderte.
Slik gir du innspel
Når det er ope for offentleg innsyn, kan du sende innspel direkte frå artsvurderingen.
Korleis sender eg innspel?
- Finn arten du ønsker å gi innspel til ved å bruke søk og filter.
- Klikk på arten i lista for å kome til vurderinga.
- Fyll ut skjemaet «Tilbakemelding», som du finn nederst i vurderinga.
- Stadfest e-postadressen di via lenka du får tilsend på e-post.
- Send inn tilbakemeldinga og eventuelle vedlegg.
Har du innspel som ikkje gjeld ein bestemt art, kan du sende dei på e-post.
Kan foreløpige vurderingar brukast i publikasjonar?
Vurderingane som blir lagde ut til offentleg innsyn, er foreløpige. Innhald og konklusjonar kan bli endra på bakgrunn av innspel som kjem inn i innsynsperioden.
Vi tilrår derfor å vente med å bruke vurderingane i vitskaplege publikasjonar eller annan formidling til dei endelege vurderingane er publiserte.
Se også
Siden siteres som
Artsdatabanken, Offentleg innsyn
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/offentleg-innsyn