Kva vi gjer – samfunnsoppdraget vårt

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald i Noreg. Den viktigaste oppgåva vår er å samle, kvalitetssikre og dele oppdatert kunnskap om artar, naturtypar og genetisk variasjon.

Innhold

Slik bidreg vi til samfunnet

Vårt mål er at kunnskap om naturmangfald skal liggje til grunn for samfunnets avgjerder. Kunnskapen vi formidlar skal vere fagleg objektiv og etterprøvbar.

Vi jobbar tett saman med ulike biologiske fagmiljø, og får kvalitetssikra data og ekspertise frå kunnskapsmiljøa. Artsdatabanken bidreg til å gjere kunnskap og data frå naturhistoriske museum, akademia, forvaltingsorgan, frivillige organisasjonar og folkeforskarar tilgjengeleg og nyttig for alle.

Føringane våre

Oppgåvene vi skal løyse på vegne av samfunnet finn vi i mandatet vårt. Prioriteringane kjem fram gjennom årlege tildelingsbrev og disponeringsskriv frå Klima- og miljødepartementet.

Strategien vår gir retning for korleis vi skal arbeide for å nå måla våre. Den hjelper oss å prioritere oppgåver og sørgjer for at vi utviklar oss i rett retning.

Retning for arbeidet vårt

Den strategiske planen for 2022–2024 gjeld også for 2025.

Ansatt forklarer og peker på tavle under en faglig gjennomgang, med kolleger til stede.

Kunnskap og tenester

Med opne løysingar og data deler vi kunnskap om naturmangfald, slik at det kan brukast av alle – og bli ein del av avgjerder i forvaltning, forsking, undervisning og samfunnsdebatt.

Ekspertar og fagleg samarbeid

Ein viktig del av arbeidet vårt skjer i samarbeid med fagpersonar og ekspertar frå ulike fagmiljøer i Noreg og internasjonalt. Saman løfter vi norsk naturkunnskap ut i verda. Les meir om samarbeidspartnarane våre