Artsdatabankens strategi 2026–2029
Artsdatabanken sin strategi viser korleis vi skal utvikle og dele kunnskap om natur i åra som kjem. Visjonen, verdiane og dei strategiske satsingane gir retning for arbeidet vårt.
Innhold
Visjonen vår
Kunnskap om natur – for framtida
Visjonen set kunnskap i sentrum. Den fortel oss at arbeidet vårt byggjer på innsikt og læring. Den er framtidsretta. Kunnskapen skal vere dokumentert og tilrettelagt for bruk.
Verdiane våre
Påliteleg
Vi leverer kunnskap som samfunnet kan stole på. Arbeidet vårt er grundig, etterprøvbart og byggjer på eit solid fagleg grunnlag.
Relevant
Vi leverer kunnskap som er aktuell, anvendbar og nyttig. Vi skal bidra til løysingar på reelle utfordringar.
Samlande
Vi byggjer fellesskap og samlar ekspertise. Vi koplar menneske, fagmiljø og data, både internt og eksternt.
Hovedstrategi
Artsdatabanken skal vere eit nyskapande kompetansemiljø som leverer påliteleg, nyttig og lett tilgjengeleg kunnskap til dei som tek viktige avgjerder om naturen.
- Å vere eit nyskapande kompetansemiljø, tyder at vi kontinuerleg ligg i front på teknologi, metodikk og fagkompetanse. Det inneber mellom anna å vere oppdatert på relevante trendar, utforske potensialet i kunstig intelligens og å drive systematisk kompetanseutvikling.
- Med formuleringa «dei som tek viktige avgjerder om naturen», meiner vi særleg beslutningstakarar i offentleg og privat sektor som planlegg og tek avgjerder som berører naturen.
- Å vere påliteleg, tyder at vi skal vere til å stole på. Det handlar om tilliten til vår fagkunnskap, integriteten i måten vi arbeider på, og kvaliteten i kunnskapen vi innhentar, bearbeider og formidlar.
- At vi er nyttige, tyder at kunnskapen vi formidlar skal vere relevant og bidra til opplyste avgjerder om natur. Det forpliktar oss til å forstå brukaren sine behov, prioritere det som er viktig for dei og vidareutvikle tenestene. Det same gjeld dei som innhentar og leverer data til oss. Vi må ivareta deira behov og utvikle løysingane våre i samsvar med desse.
- Å vere lett tilgjengeleg, handlar om at vi gjer kunnskapen vår enkel å finne, forstå og bruke. Vi skal sikre gode brukaropplevingar og gjere det enkelt å ta i bruk tenestene våre.
Delstrategi 1: Vi skal formidle kunnskap om naturen på oppdaterte, digitale plattformer
- Vi skal vidareutvikle våre digitale tenester, slik at dei er relevante og brukarvennlege.
- Vi skal ta i bruk teknologi som gjer kunnskap om natur lettare å innhente, forstå, samanstille og bruke. Utviklinga skal skje i tett dialog med brukarane, slik at deira erfaringar og behov aktivt formar løysingane vi skaper.
- Vi skal ha ei sentral rolle i det nasjonale arbeidet med å samle kunnskap frå relevante datakjelder.
Delstrategi 2: Vi skal skape rom for kontinuerleg utvikling
- Vi skal vere ein lærande organisasjon som systematisk forbetrar måten vi arbeider på – internt og med omverda.
- Vi skal utvikle oss gjennom aktiv samhandling med fagmiljø og forvaltningsaktørar.
- Vi skal frigjere tid og ressursar til innovasjon.
- Vi skal utvikle det interne samarbeidet på tvers.
Delstrategi 3: Vi skal byggje tillit gjennom sjølvstende og kvalitet
- Vi skal sikre kvalitet, etterretting og openheit ved innhenting, bearbeiding og formidling av kunnskap.
- Vi skal ivareta vår uavhengigheit. Den er grunnlaget for at samfunnet skal kunne stole på oss.
- Vi skal vere tydelege på vår rolle, våre metodar og våre faglege vurderingar. På den måten styrker vi tilliten til kunnskapen vi forvaltar.