Det er ein stor del truga artar blant pollinerande insekt generelt, særleg blant bier og humler. Frå 2010 til 2015 har fleire artar endra raudlistekategori. Elleve humler og bier som var raudlista i 2010 er no vurderte til å vere livskraftige, og er ute av Raudlista. Ti andre artar har fått ei strengare vurdering, og skogpanserbie er vurdert å vere regionalt utdøydd i Noreg. Endringane er i fyrste rekkje skulda ny kunnskap om artane, og er berre unntaksvis ein effekt av reelle populasjonsendringar. Dette viser betydninga av meir kunnskap for å få presise vurderingar.

I dei seinare åra har det vore ein nedgang i artsrikdom og tettleik av pollinatorar globalt (Potts mfl. 2010). I Norsk raudliste for artar 2015 blir 87 artar av vepsar, biller og sommarfuglar rekna som utdøydde frå Noreg, og blant desse finn vi også pollinerande artar. Pollinerande insekt har ein svært viktig funksjon i matproduksjon. Både mengde og kvalitet på frukt, bær, oljevekstar og frøproduksjon av blant anna kløver er avhengig av ei vellukka pollinering.

Humler og bier blir rekna som våre viktigaste pollinatorar, og dei siste fem åra er det gjennomført ei omfattande kartlegging av bier og humler i Noreg, blant anna gjennom Artsprosjektet. Dette har ført til at åtte bieartar blir vurderte for fyrste gong i Raudlista 2015: sølvvepsebie Nomada baccata, tannvepsebie Nomada subcornuta, kystblodbie Sphecodes miniatus, junisandbie Andrena similis, perlebie Biastes truncatus, flammesandbie Andrena fulva, sumpmaskebie Hylaeus pectoralis og krattvepsebie Nomada opaca. I Noreg er det per i dag registrert 208 bie- og humleartar, og med unntak av to artar er alle raudlistevurderte.

Ein stor del pollinerande insekt er truga

Av alle vurderte artar (20 915) er 21 % raudlista. Dei truga artane utgjer 11 %. Dersom ein berre ser på bier og humler, er 30 % raudlista og 18 % truga.

I tillegg til bier og humler er det mange andre insekt som har betydning som pollinatorar, men vi har ikkje tilstrekkeleg kunnskap til å få ei fullstendig oversikt over talet på pollinerande artar i Noreg (Totland mfl. 2013). Andre grupper med mange pollinerande artar er dagsommarfuglar og tussmørkesvermarar, blomsterbukkar, gullbassar, børstebiller, glansbiller, bringebærbiller, blautbukkar, blomsterbiller, broddbiller og blomsterfluger og nokre andre vepseartar. Denne gruppa omfattar 1079 artar, inkludert bier og humler. Av desse er 25 % raudlista og 16 % er vurderte som truga. Dette betyr at pollinerande insekt som gruppe både har ein større del raudlisteartar og ein større del truga artar, enn alle vurderte artar sett under eitt.

Menneskeskapt negativ påverknad

Som andre insekt er mange pollinerande artar raudlista fordi dei finst innanfor eit avgrensa område. I tillegg har flesteparten ein pågåande nedgang i arealet eller i kvaliteten på leveområda. Mange av artane har også fragmenterte populasjonar.

Årsaka til at mange pollinerande artar står på Raudlista er i fyrste rekkje arealendringar som fører til tap av leveområde. I Raudlista 2015 er menneskeskapt påverknad gjennom utbygging, oppdyrking og drenering (grøfting), skogsdrift og opphøyr av drift som slått og beite viktige negative påverknadsfaktorar for vepsar (inkludert bier og humler), biller og sommarfuglar. Totland mfl. (2013) nemner også klimaendringar og framande artar som faktorar som trugar bestandane av pollinerande insekt.

Endringar frå 2010 til 2015

Elleve bie- og humleartar var rekna som utdøydde frå Noreg i 2010. I 2015 er også skogpanserbie Stelis phaeoptera vurdert som regionalt utdøydd RE.

Ved berre å samanlikne reviderte vurderingar av bier og humler, er delen raudlisteartar redusert frå 32 % i 2010 til 28 % i 2015. Dette kan forklarast ved at 11 av bie- og humleartane på Raudlista i 2010 no er vurderte som livskraftige, og er derfor ikkje lenger raudlista. I tillegg har sju humler og bier fått ein lågare raudlistekategori i 2015 enn i 2010, og er dermed vurdert til å ha ein lågare risiko for å døy ut enn tidlegare. Årsaka til desse endringane er fyrst og fremst at vi har fått ny kunnskap om førekomsten til artane, utbreiing og biologi, eller også ny kunnskap om endringar i artane sine leveområde. Ny tolking av tidlegare data er oppgitt som årsak til endring av kategori for fem av artane. Reell populasjonsendring er oppgitt som årsak til endring i kategori for berre to artar, sandjordbie Lasioglossum sexstrigatum og slåttehumle Bombus subterraneus. Desse artane er vurderte å vere i ekspansjon.

Åtte artar er vurderte til ein høgare raudlistekategori i 2015 enn i 2010, og to artar som blei vurderte som livskraftige i 2010 er no raudlista. Desse endringane er også ein konsekvens av ny kunnskap og/eller ny tolking av tidlegare data.

Ny kunnskap gir meir presise vurderingar

Raudlista 2015 viser at ny kunnskap ofte kan føre til endring i raudlistekategori for artar, og at eit betre kunnskapsgrunnlag gir grunnlag for meir presise vurderingar. Målretta satsing på kunnskapsinnhenting er viktig for at Raudlista skal kunne utviklast vidare og bli eit enda betre grunnlag for avgjerder og prioriteringar. Vidare er meir kunnskap også viktig for å kunne utvikle forvaltningsstrategiar for pollinerande insekt.

Referansar

Totland Ø, Hovstad KA, Ødegaard F, Åström J (2013) Kunnskapsstatus for insektpollinering i Norge - betydningen av det komplekse samspillet mellom planter og insekter. Artsdatabanken, Norge

Potts SG, Biesmeijer JC, Kremen C, Neumann P, Schweiger O, Kunin WE (2010) Global pollinator declines: trends, impacts and drivers. Trends in Ecology and Evolution 25: 345-353

Sida blir sitert som

Henriksen S og Hilmo O (2015) Mange pollinerande insekt på Raudlista. Norsk raudliste for artar 2015. Artsdatabanken <http://www.artsdatabanken.no/Rodlista2015/Tema/PollinerendeInsekter>. Nedlasta <dag/månad/år>.