Vi ser over horisonten på jakt etter framtidige truslar
I tråd med internasjonale og nasjonale tilrådingar har Artsdatabanken auka innsatsen på å identifisera og risikovurdera artar som på sikt kan påverka naturmangfaldet negativt. Men korleis finn vi dei nye framande artane som kan skada naturen i framtida?
Innhold
Artsdatabanken har lagt til eit nytt steg når framande artar skal risikovurderast – no leitar vi systematisk etter nye framande artar som kan få fotfeste i Noreg på sikt, altså dørstokkartar. Å identifisera framande artar som kan skade naturmangfaldet i framtida gir forvaltninga eit godt grunnlag for å setja i verk målretta tiltak mot framande skadelege artar i tidleg fase.
Slik kunnskap kan bidra til å bremsa spreiinga – ja, kanskje til og med hindre at nye framande artar får fotfeste? Når den framande arten er etablert i naturen er det ofte for seint. Mink Neovison vison, boakjølsnegl Limax maximus og hagelupin Lupinus polyphyllus, spreidd over heile landet, er bevis på det.
Med andre ord, vi treng kunnskap om dørstokkartar – kven dei er, korleis dei kjem til Noreg, korleis dei spreier seg vidare og kva utfordringar dei gir.
Kva er ein dørstokkart?
Dørstokkartar er artar som ikkje reproduserer utandørs i Noreg i dag, men som kan gjera det på sikt. Dei fleste er framleis i utlandet eller berre innandørs i Noreg. Nokon kan leva utandørs òg, men då har dei enno ikkje byrja å reprodusera sjølvstendig.
Omfattande jakt blant 3400 artar
I 2022 hadde Artsdatabanken den mest omfattande jakta etter moglege dørstokkartar for Noreg som nokon gong er gjort. Vi har sett ut over landegrensene for å finna framande artar som kan bli ei utfordring i naturen på sikt.
Basert på eit djupdykk i internasjonale og nasjonale databasar, litteratursøk og ekspertkompetanse, vart nesten 3400 framande artar lista som moglege (potensielle) dørstokkartar for Noreg. Lista famnar neppe alle potensielle dørstokkartar for Noreg, men det er likevel eit stort løft i kunnskapen og eit steg i rett retning. Ein fellesnemnar for dei fleste av desse artane er at dei lever på stader som kan mogleggjera ei etablering i Noreg.
Men kven av desse nesten 3400 artane er dørstokkartar for Noreg og bør prioriterast for risikovurdering? For å finna svaret på det vart alle dei potensielle dørstokkartane testa mot to kriterium - etableringspotensial og negative økologiske effektar.
To kriterium avslører dørstokkarten
Artsdatabanken har i samarbeid med ulike institusjonar i Noreg og Artdatabanken i Sverige laga ein metode som kan identifisera nye dørstokkartar for Noreg. På fagspråket blir metoden kalla horisontskanning. Metodikken er tilpassa dei eksisterande retningslinjene for økologisk risikovurdering av framande arter.
Kvar potensiell dørstokkart blir testa mot to kriterium, artens etableringspotensial og artens negative økologiske effekt. Kombinasjonen av skår på desse to kriteria avgjer om arten får status som dørstokkart. Du kan lesa meir om metoden i Horisontskanning av framande artar.
Er arten ein dørstokkart for Noreg går han gjennom ei full risikovurdering på linje med andre framande artar som allereie reproduserer utandørs i Noreg.
Alle artar som er horisontskannet, uavhengig av om dei har gått vidare til risikovurdering eller ikkje, er no tilgjengelege i Framandartslista 2023.
Over 700 nye dørstokkartar vart risikovurderte
Når ekspertane testa dei nesten 3400 artane mot dei to kriteria, etableringspotensial og økologisk effekt, vart 861 nye framande dørstokkartar for Noreg, Svalbard inkludert, identifiserte. Nokre av desse viste seg allereie å reprodusera sjølvstendig i Noreg, slik at det endelege talet vart 753 nye dørstokkartar. Desse vart risikovurderte på lik linje med allereie etablerte framande artar i Noreg.
Slik får vi ikkje berre kunnskap om kven dørstokkartane er, men òg om kvifor og i kva grad dei kan truga naturmangfaldet, og korleis dei kan spreia seg til Noreg og vidare ut i naturen.
Dei fleste av dei nye dørstokkartane er planter, 212 artar, men også terrestriske invertebratar utgjer ei stor gruppe med 147 nye dørstokkartar. Mange av dei nye dørstokkartane er vurderte til svært høg risiko i Framandartslista 2023, blant dei karpefisken Pseudorasbora parva. Arten er berar av parasitten Sphaerothecum destruens som er rapportert å medføra alvorleg sjukdom hos laksefisk. Nemnast kan også fleire eggsporesoppar i slekta Phythophtora. Mange av artane i denne slekta medfører store skadar på vertsplanten, til dømes Phytophthora quercina som gir rotròte på eik og er vurdert til høg risiko. Arten er endå ikkje dokumentert i Noreg, men er spreidd mange stader i Europa og er også funnen på eik i Sverige.
I artikkelen Kva slags framande artar har vi i vente? kan du lesa meir om dørstokkartane.
Slik les du matrisa
Etableringspotensial
- 1 = ingen etablering
- 2 = arten etableres i én rute på 2 km x 2 km
- 3 = arten etableres i to eller flere 2 km x 2 km ruter
Negativ økologisk effekt
- 1 = fraværende økologisk effekt
- 2 = effekt så lenge den fremmede arten er tilstede
- 3 = effekt som vedvarer etter at den fremmede arten er borte.
Mørke ruter viser hvilke kombinasjoner av etableringspotensial og økologisk effekt som gjør at arten regnes som dørstokkart for Norge. De øvrige 2497 artene (lyse ruter) har status som ikke risikovurdert (NR), men er nå tilgjengelige i Fremmedartslista 2023.
I tråd med internasjonale tilrådingar
Med ei slik systematisk jakt etter dørstokkartar følgjer Artsdatabanken internasjonale og nasjonale tilrådingar. IPBES (Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services) konkluderer med at nøkkelen til ei vellykka forvaltning av framande artar er å førebyggja introduksjonar, vera førebudd og å respondera raskt. Kunnskap om dørstokkartar gjer at forvaltninga kan vera mest mogleg førebudd og dermed respondera raskt når nye skadelege framande artar kjem til landet.
Å hindra at skadelege framande artar får fotfeste i naturen er ikkje berre eit pluss for naturmangfaldet, men det vil også spare samfunnet for store økonomiske kostnader.