Horisontskanning av framande artar
Horisontskanning blir gjort for å identifisere dørstokkartar for Noreg – framande artar som på sikt kan påverke naturmangfaldet negativt.
Innhold
Artsdatabanken har i samarbeid med ulike institusjoner i Norge og Artdatabanken i Sverige laget en metode som kan identifisere nye dørstokkarter for Norge. På fagspråket blir metoden kalt horisontskanning.
To kriterium avgjer
Etableringspotensial
Artens etableringspotensial, altså evna til å klare seg i naturen, blir vurdert ved å anslå kor mange førekomstar (2 km × 2 km) arten kan ha kolonisert 10 år etter introduksjon til naturen..
Det er tre svaralternativ:
- Ingen førekomstar: Det vil seie at arten vil døy ut frå introduksjonsstaden.
- Ein førekomst: Det vil seie at arten korkje vil døy ut eller ekspandere.
- To eller fleire førekomstar: Det vil seie at arten vil ekspandere.
Negative økologiske effektar
Artens negative økologiske effektar, altså skaden arten gjer i naturen, blir anslått ved å vurdere om det finst kjende (frå utlandet) eller sannsynlege (i Noreg) negative økologiske effektar knytte til arten.
Effektane kan vere:
- Fråverande
- Kjend eller antatt, men berre så lenge arten er til stades. Det vil seie at effekten fell bort når arten forsvinn.
- Kjend eller antatt, og effekten varer ved også etter at arten er borte.
Mørke ruter viser kva kombinasjonar av etableringspotensial og økologisk effekt som gjer at arten blir rekna som ein dørstokkart for Noreg. Dersom arten skårar 3 på éin av aksane eller 2 på begge, blir han risikovurdert som ein dørstokkart. For dei andre kombinasjonane blir arten ikkje rekna som ein dørstokkart, og han fell utanfor avgrensinga for risikovurdering.
Svara på desse to kriteria avgjer om arten får status som dørstokkart. Dersom arten er ein dørstokkart for Noreg, blir han risikovurdert fullt ut på line med andre framande artar som allereie reproduserer utandørs i Noreg.
Alle artar som er horisontskanna, blir viste i Framandartslista 2023, uavhengig av om dei har gått vidare til risikovurdering eller ikkje.
Metodikken er tilpassa dei eksisterande retningslinjene for økologisk risikovurdering av framande artar og er forklart i Retningslinjer for økologisk risikovurdering (.pdf).
Eit ledd i tiltaksplanen
Horisontskanning av framande artar oppfyller tiltak 10 i Bekjempelse av fremmede skadelige organismer – Tiltaksplan 2020–2025, som er publisert av Klima- og miljødepartementet. Du kan lese meir om horisontskanning i artikkelen på lenkja nedanfor.
Siden siteres som
Fremmedartslista 2023, Artsdatabanken, Horisontskanning av framande artar
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/slik-vurderer-vi-risikoen-til-framande-artar/horisontskanning