Horisontskanning av framande artar

Horisontskanning blir gjort for å identifisere dørstokkartar for Noreg – framande artar som på sikt kan påverke naturmangfaldet negativt.

Innhold

Artsdatabanken har i samarbeid med ulike institusjoner i Norge og Artdatabanken i Sverige laget en metode som kan identifisere nye dørstokkarter for Norge. På fagspråket blir metoden kalt horisontskanning. 

To kriterium avgjer

Etableringspotensial

Artens etableringspotensial, altså evna til å klare seg i naturen, blir vurdert ved å anslå kor mange førekomstar (2 km × 2 km) arten kan ha kolonisert 10 år etter introduksjon til naturen..

Det er tre svaralternativ:

  1. Ingen førekomstar: Det vil seie at arten vil døy ut frå introduksjonsstaden.         
  2. Ein førekomst: Det vil seie at arten korkje vil døy ut eller ekspandere.               
  3. To eller fleire førekomstar: Det vil seie at arten vil ekspandere.

Negative økologiske effektar

Artens negative økologiske effektar, altså skaden arten gjer i naturen, blir anslått ved å vurdere om det finst kjende (frå utlandet) eller sannsynlege (i Noreg) negative økologiske effektar knytte til arten.

Effektane kan vere:

  1. Fråverande                                                                                                                            
  2. Kjend eller antatt, men berre så lenge arten er til stades. Det vil seie at effekten fell bort når arten forsvinn.    
  3. Kjend eller antatt, og effekten varer ved også etter at arten er borte.
Grafisk fremstilling over dørstokkarters innovasjonspotensial og negativ økologisk effekt på naturen
Kombinasjonen av etableringspotensial (1 = ingen førekomstar; 2 = arten etablerer seg i éi rute på 2 km × 2 km; 3 = arten etablerer seg i to eller fleire ruter på 2 km × 2 km) og negativ økologisk effekt (1 = fråverande økologisk effekt; 2 = effekt så lenge den framande arten er til stades; 3 = effekt som varer ved etter at den framande arten er borte) avgjer om den framande arten kan definerast som ein dørstokkart eller ikkje.

Mørke ruter viser kva kombinasjonar av etableringspotensial og økologisk effekt som gjer at arten blir rekna som ein dørstokkart for Noreg. Dersom arten skårar 3 på éin av aksane eller 2 på begge, blir han risikovurdert som ein dørstokkart. For dei andre kombinasjonane blir arten ikkje rekna som ein dørstokkart, og han fell utanfor avgrensinga for risikovurdering.

Svara på desse to kriteria avgjer om arten får status som dørstokkart. Dersom arten er ein dørstokkart for Noreg, blir han risikovurdert fullt ut på line med andre framande artar som allereie reproduserer utandørs i Noreg.  

Alle artar som er horisontskanna, blir viste i Framandartslista 2023, uavhengig av om dei har gått vidare til risikovurdering eller ikkje.

Metodikken er tilpassa dei eksisterande retningslinjene for økologisk risikovurdering av framande artar og er forklart i Retningslinjer for økologisk risikovurdering (.pdf).

Eit ledd i tiltaksplanen

Horisontskanning av framande artar oppfyller tiltak 10 i Bekjempelse av fremmede skadelige organismer – Tiltaksplan 2020–2025, som er publisert av Klima- og miljødepartementet. Du kan lese meir om horisontskanning i artikkelen på lenkja nedanfor.


Siden siteres som

Fremmedartslista 2023, Artsdatabanken, Horisontskanning av framande artar

Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/slik-vurderer-vi-risikoen-til-framande-artar/horisontskanning