Dei nattfiolane ein finn på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg, er heinattfiol, og han er meir knytta til open mark enn den andre underarten. I nokre område, som ute ved kysten på Helgeland, er han så vanleg at folk ofte plukkar inn bukettar av han.

Kjenneteikn

Blomane hos heinattfiol sit nokså tett saman, sjeldan meir enn 5 mm frå kvarandre, noko som gjer at akset ikkje er svært grissent. Sporen er opptil 23 mm lang, kortare enn hos skognattfiol, og er jamtjukk, ein skilnad mot grov nattfiol.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Heinattfiol er oftast nokså lågvaksen, mindre enn 33 cm høg (dei detaljerte måla er tekne frå Pedersen og Faurholdt 2010). Blomestanden er nokså tett med kort avstand mellom blomane; dei er oftast festa 2–5(–7) mm frå kvarandre. Leppa er 7–10 mm lang på dei nedre blomane. Nektarsporen er 15–23 mm lang.

Kromosomtal

Heinattfiol er diploid med grunntal x = 21 og kromosomtal 2n = 42.

Økologi og utbreiing

Heinattfiol veks i ulike typar av skog, beitemark og lynghei og er ikkje særleg basekrevjande. Han er hyppig til spreidd i heile landet om lag opp til skoggrensa og nord til Fi Alta, med meir isolerte førekomstar i Fi Porsanger og Lebesby. Han går opp til litt over skoggrensa og er funnen til 1300 moh. i Jotunheimen (i Op Lom). Dei to underartane er ikkje utgreidde elles i Europa og Asia, og vi veit ikkje noko om den globale utbreiinga.

Forvekslingar

Heinattfiol skil seg frå skognattfiol først og framst i lengda på sporen; hos heinattfiol er han opptil 23 mm lang, hos skognattfiol meir enn 23 mm lang. Akset er òg noko tettare hos heinattfiol enn hos skognattfiol. Hos heinattfiol sit blomane oftast festa 2–5 mm frå kvarandre; hos skognattfiol sit dei festa 6–25 mm frå kvarandre. Desse måla kan synest vere svært tekniske, men dei gjer at blomestandane ser så ulike ut at ein kan identifisere underartane med eitt blikk. Dei gjer òg at rapportar i Artsobservasjonar kan bli bekrefta (eller avkrefta) dersom dei er med bilete.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Heinattfiol Platanthera bifolia subsp. bifolia. www.artsdatabanken.no/Pages/325527. Lasta ned <dag.månad.år>.