Utbreiinga til raudflange samsvarar nokså noggrant med utbreiinga av kalkrik berggrunn i Noreg, om ein ser bort frå Varangerhalvøya, der arten manglar. Raudflangre er ein av dei mest kalk-tilknytta artane vi har, og i mange kalkområde er han vanleg, heilt nord til Nordkapp.

Ei fin klynge med raudflange i Hole på Ringerike. Flangrene har krypande jordstengel, slik at det oftast kjem mange skott saman.

Kjenneteikn

Raudflangre har ein kort, horisontal jordstengel og veks ofte i tette, små klonar. Stengelen er opptil 50 cm lang, ofte noko skråstilt, og blada sit ofte i to rekkjer. Blada er smalt eggforma og matte på undersida. Klasen er oftast nokså lang og grissen, med støtteblad som er kortare enn blomane, òg nedst i klasen. Blomane står om lag rett ut og er mørkt purpurraude (sjeldan grøne). Dei ytre blomeblada er 6–7 mm lange. Leppa er sterkt innsnørt på midten. Den ytre delen av leppa er purpurraud, medan den indre delen er lysare. Midtaksen, blomeskaft og fruktknute er tetthåra.

Blada hos raudflangre er smalare enn hos breiflangre. Blomestanden er tydeleg einsidig. Planten er her nær si verds-nordgrense, ved Børselv i Porsanger.

Me gjer merksam på at dette er individ samla inn til bruk i museumsherbarium.

Raudflangre er korthåra, både på stengel (som her) og i blomestanden.

Blomane har fleire fargar, men mest i det purpur og blåfiolette. Leppa er snørt inn på midten, og over leppa er dei to pollinia synlege.

Kromosomtal

Raudflangre er truleg diploid (sjeldsynt triploid) med grunntal x = 20 (19) og kromosomtal 2n = 40 (38, 60). Teljingar av 2n = 40 er gjorde på norsk materiale.

I slektene skogfrue Cephalanthera og flangre Epipactis varierer kromosomtala mykje. Dette er klonale artar, der det kan byggje seg opp kromosomrasar som kanskje har lite seksuell formeiring og difor ikkje så strenge krav til frøformeiring og kromosomal stabilitet.

Økologi og utbreiing

Raudflangre veks ofte i kalkrikt brattlende, her i Malvik nær Trondheim.

Raudflangre er berre funnen på baserik grunn, ikkje sjeldan i tørr furuskog (kalkfuruskog) og bjørkeskog, på tørrbakkar og grunnlende, og ofte på berg, i rasmark og ur og på vegkantar. Arten er spreidd til lokalt vanleg i mange delar av landet frå Øf Hvaler, AA Arendal, Ro Klepp og Strand og Ho Granvin og Stord nord til Fi Nordkapp og Lebesby, men han manglar i storparten av Hedmark, på om lag heile Sørlandet, på Vestlandet mellom Bergensområdet og Nordfjord, og i Finnmark aust for Laksefjorden. Han går stundom heilt opp i snaufjellet og er funnen til 1270 moh. i Jotunheimen (i Op Lom). Raudflangre er utbreidd i om lag heile Europa, men ikkje i Island, og austover til Kaukasus og Vest-Sibir.

Hybridar

Ein hybrid mellom raudflangre og breiflangre E. helleborine (skogbreiflangre subsp. helleborine) er funnen i Øf Moss og finst truleg fleire stader. Ein slik hybrid er òg kjent frå Dei britiske øyane.

Forvekslingar

Raudflangre og breiflangre E. helleborine kan vere like, særleg dersom ein berre finn dei med blad eller i frukt. Raudflangre har blad som er matte på undersida, blomar som er purpurraude (sjeldan bleike) og der leppa er lysast inst, og planten er tetthåra på midtaksen i blomestanden, blomeskaft og fruktknute. Breiflangre har blad som er blanke på undersida, blomar som er grøne til brungrøne og der leppa er lysast ytst, og planten er berre frå speidd håra til om lag snau på midtaksen i blomestanden, blomeskaft og fruktknute. Blada er oftast òg mykje breiare hos breiflangre enn hos raudflangre.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Raudflangre Epipactis atrorubens (Hoffm.) Besser. www.artsdatabanken.no/Pages/312219. Lasta ned <dag.månad.år>.