Skogbreiflangre veks i rik skog i låglandet. Planten er ikkje sjeldsynt i edellauvskog og annan skog på noko baserik grunn.

Kjenneteikn

Skogbreiflangre er ofte storvaksen med breitt elliptiske blad. Dei nedste støtteblada i klasen er meir enn dobbelt så lange som blomen og stikk godt framom blomane. Støtteblada midt i klasen er meir eller mindre nedbøygde. Det midtre, ytre blomebladet er spisst.

Kromosomtal

Skogbreiflangre er truleg diploid med grunntal x = 18–20(–22) og kromosomtal 2n = 36, 38, 40 (44).

I slektene skogfrue Cephalanthera og flangre Epipactis varierer kromosomtala mykje. Dette er klonale artar, der det kan byggje seg opp kromosomrasar som kanskje har lite seksuell formeiring og difor ikkje så strenge krav til frøformeiring og kromosomal stabilitet.

Økologi og utbreiing

Skogbreiflangre veks oftast på noko baserik grunn, ofte i noko steinete edellauvskog og annan rik lauv‑ og barskog og i skogkantar. Planten er òg funnen på rikmyr, men er sjeldsynt der. Han er spreidd til lokalt vanleg på Austlandet inn til He Rendalen og Stor-Elvdal, Op Sel og Nord-Aurdal, Bu Nore og Uvdal og AA Valle, og i kyst‑ og fjordstrøk til Tr Ibestad, og meir isolerte førekomstar er funne i Tr Tromsø, Karlsøy, Nordreisa og Kvænangen og i Fi Alta. I Sør-Noreg er han funnen opp til 750 moh. i Op Sør-Fron og AA Bykle. Globalt er han utbreidd i storparten av Europa, storparten av Asia sør til Himalaya og Kina, og i Nordvest-Afrika. Han er òg innført og utbreidd mange stader i Nord-Amerika.

Forvekslingar

For karakterar som skil breiflangre frå raudflangre E. atrorubens, sjå arten. Skogbreiflangre skil seg frå dyneflangre subsp. neerlandica i at ho er meir storvaksen med breiare elliptiske blad, men særleg i at dei nedste støtteblada er meir enn dobbelt så lange som blomen og i at støtteblada midt i klasen er meir eller mindre nedbøygde, dei nedste meir enn dobbelt så lange som blomen. Hos dyneflangre er dei nedste støtteblada mindre enn dobbelt så lange som blomen og stikk ikkje mykje fram, og her er støtteblada midt i klasen sprikjande til oppståande. Det midtre, ytre blomebladet er spisst hos skogbreiflangre medan det er butt hos dyneflangre.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Pedersen HÆ og Faurholdt N (2010). Danmarks vilde orkidéer. Gyldendal, København. 320 s.

Siter nettsida som:

Elven R. Skogbreiflangre Epipactis helleborine subsp. helleborine. www.artsdatabanken.no/Pages/325532. Lasta ned <dag.månad.år>.