Artsprosjekt: Kartlegging av det ukjende mangfaldet av lavbuande soppar
Lichenikole soppar, også kalla lavbuande soppar, er ei biologisk definerte, taksonomisk mangfaldig gruppe av soppar som infiserer lavar. Gruppa er blant dei dårlegast kjende organismane i Noreg.
Innhold
Fakta om artsprosjektet
Prosjektnavn: Mapping uncharted diversity 2: Arthoniomycetes, Leotiomycetes and Sordariomycetes
Prosjektnummer: 5-24
Prosjektleder: Mika Bendiksby
Institusjon: Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Periode: 2024–2027
Status: Pågår
Prosjektets formål
Målet for dette prosjektet er å skaffe ny kunnskap om lavbuande soppar gjennom feltarbeid i område som til no ikkje har vore systematisk undersøkt.
Det skal setjast søkjelys på taksonomi, særleg i Arthoniomycetes, Leotiomycetes og Sordariomycetes, fordi vi veit det er eit stort udokumentert artsmangfald i desse klassane. DNA-strekkoding vil vere eit viktig verktøy i dette arbeidet.
Gjennomføring
Gjennom dette prosjektet, forventar vi å oppdage 30-40 lavbuande soppar som er nye for Noreg, og av desse vil 12-15 vere nye for vitskapen. Det vil bli skaffa fram meir kunnskap om utbreiinga til 200-250 artar, og vidare informasjon om biologien til desse artane.
Døme på det siste er kva vertar dei treng eller føretrekkjer, kva krav dei har til habitatet og i kva naturtypar dei lever. Prosjektet vil oppdatere sjekklista over lichenikole soppar i Noreg, og bidra med DNA-strekkodar frå 100-120 artar, samt opp til 50 vertar, til DNA-strekkodingsbanken, Barcode of Life Data Systems (BOLD).
I tillegg til vitskapleg publisering og konferansebidrag, skal prosjektet òg sørgje for utveksling og overføring av kompetanse på lavbuande soppar. Dette vil skje gjennom undervisning på universitetsfeltkurs og ein internasjonal workshop.