Artsdatabanken samarbeider med fleire internasjonale organisasjonar og er involvert i europeiske prosjekt. Mange av produkta og tenestene våre er etterspurde utanfor Noregs grenser, samtidig som vi sjølv dreg stor nytte av samarbeidet på vår eiga heimebane.

Marekatt Chlorocebus pygerythrus

Å delta i internasjonal kunnskapsformidling, spesielt gjennom flyt og utveksling av data på tvers av landegrenser, er ein viktig del av Artsdatabanken sitt arbeid. Artsdatabanken er også langt framme i utviklinga av nye metodar, og vi er med på å gjennomføre fleire internasjonale prosjekt som har som overordna mål å få stadig betre vurderingar av tilstanden og utviklinga i det globale naturmangfaldet. Nedanfor har vi omtalt nokre av dei viktigaste prosjekta og initiativa vi er involverte i.

GBIF – ein sentral aktør

Ein av Artsdatabanken sine viktigaste samarbeidspartnarar er GBIF – The Global Biodiversity Information Facility, som blei etablert i 2001 for å sikre fri og open tilgang til data om biologisk mangfald i verda via Internett. Gjennom eit globalt nettverk av land og organisasjonar bidreg GBIF til mobilisering, tilgang og bruk av informasjon. Noreg leverer data til GBIF gjennom ein eigen nasjonal node, som er knytt til Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Det meste av informasjonen frå Noreg kjem via Artsdatabanken, og Noreg er blant verdas største leverandørar til GBIF.

Encyclopedia of Life (EOL) – leksikon over livet

Encyclopedia of Life er eit spennande internasjonalt initiativ som har som mål å presentere informasjon om alle artane og livsformene på jorda på éin nettportal. Encyclopedia of Life samarbeider med ei rekkje land og organisasjonar, og Artsdatabanken har inngått ein samarbeidsavtale med EOL som inneber at informasjon om norske artar blir gjort tilgjengeleg for verda, samstundes som vi får tilgang til å bruke informasjon frå EOL på våre eigne nettsider.

EU BON – eit europeisk nettverk for naturmangfald

Artsdatabanken er med i EU BON, eit stort EU-finansiert prosjekt med det som hovudmål å byggje opp ein europeisk infrastruktur som både skal fremje utveksling av data på tvers av landegrensene og lette samanstillingar og analysar med omsyn til status og utviklingstrekk i det europeiske naturmangfaldet. EU BON vil utvikle ein europeisk ”biodiversitetportal” som blir ein del av eit globalt nettverk (GEO BON). 30 partnerar frå 19 land er med i prosjektet som går fram til sommaren 2017.

IUCN – med fokus på raudlister

Ei av Artsdatabanken sine hovudoppgåver er å lage oversikter over artar og naturtypar som kan døy ut eller forsvinne (raudlister). I arbeidet med norske raudlister for artar bruker vi ein internasjonalt anerkjend metodikk som er utvikla av IUCN (International Union for Conservation of Nature). IUCN har no også utvikla metodar for raudlistevurdering av naturtypar/økosystem. Artsdatabanken har allereie publisert ei raudliste for naturtypar i Noreg, og bidreg i arbeidet til IUCN med metodeutvikling på dette feltet.

IPBES – det internasjonale panelet for naturmangfald

IPBES blei oppretta i 2012 for betre kunnskapen om økosystema på jorda. IPBES, eller naturpanelet, skal styrkje samspelet mellom forsking og forvalting gjennom utgreiingar og framstillingar av ny kunnskap. Ein viktig del av arbeidet til naturpanelet er kapasitetsbygging på kunnskapsområdet i utviklingsland. Noreg bidreg med finansiering av fleire pilotprosjekt for å utvikle denne delen under panelet, og Artsdatabanken har vore med i dette arbeidet. Vi reknar også med å yte viktige bidrag når det skal lagast tilstandsvurderingar for naturmangfaldet i Noreg.

LifeWatch – ein europeisk infrastruktur

LifeWatch er eit europeisk program for “e-Science and Technology Infrastructure for Biodiversity Research”. Det er delvis finansiert av EU-kommisjonen gjennom EU sitt 7. rammeprogram for forsking, og del av EUs forskningsinfrastruktur ESFRI. LifeWatch sitt mål er å etablere såkalla e-laboratorium og e-tenester som lèt forskarar svare på spørsmål rundt biodiversitet ved å tilby dataa, analyseverktøya og reknekrafta som skal til. Saman med NINA og GBIF Norge bidreg Artsdatabanken i både LifeWatch Noreg og LifeWatch Nordic.

Fremmede arter – ei grenseoverskridande utfordring

Artsdatabanken held også oversikt over kva framande artar som er påviste i Noreg og vurderer risikoen for at artane har ein negativ økologisk påverknad på heimleg natur. Artsdatabanken deler resultata internasjonalt med blant anna EASIN (European Alien Species Information Network) og NOBANIS (European Network on Invasive Alien Species). I tillegg er Artsdatabanken norsk redaktør for GRIIS (Global Register of Introduced and Invasive Species), eit initiativ IUCNs Invasive Species Specialist Group leier. Artsdatabanken deltek også i EUs COST-aksjon om framande artar (Alien Challenge). COST-aksjonen legg til rette for auka kunnskapsinnsamling og -deling, og skal bidra til kunnskapsbaserte avgjerder når det gjeld forvalting av framande artar.