Wienersennep er ein framand plante frå Vest- og Mellom-Europa, berre kjent frå to funn i Noreg, begge på tyske leirplassar frå andre verdskrigen. Han er ikkje funnen i Noreg på om lag 75 år.

Innhold

Wienersennep er ei to- til fleirårig urt, opprett og med stenglar opptil 1 m. Stenglane er snaue eller har svært korte, stive, tjukke og tydeleg oppbøygde hår. Grunnblada og stengelblada er frå heile til djupt fjørdelte. Blomestanden er ein klase der blomane og knoppane sit høgare enn dei unge fruktene. Kronblada er gule og 3–7 mm lange og tydeleg lengre enn begerblada (opptil dobbelt så lange). Fruktene er snaue langskulper opptil 6 cm lange og om lag 1 mm tjukke, på 3–8 cm lange, sprikjande skaft som kan vere frå granne til om lag jamtjukke med skulpa. Skulpa har éi rekkje frø i kvart skulperom. Frøa er 1–1,5 mm lange.

Wienersennep er diploid med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Wienersennep er framand og i Noreg berre funnen som krigsspreidd (polemokor) med tyske troppar eller kanskje heller med tysk hestefôr under andre verdskrigen. Han blei funnen i 1942 og 1947, begge funna truleg i Sarsgata ved Tøyen i Oslo der det var ein tyskarleir. Arten er heimleg i Vest- og Mellom-Europa.

Forvekslingar

art

Blanksennep

Sisymbrium irio
NR
Ikke risikovurdert
art

Strisennep

Sisymbrium loeselii
LO
Lav risiko
Bildet mangler beskrivelse
art

Amursennep

Sisymbrium luteum
NR
Ikke risikovurdert
art

Veisennep

Sisymbrium officinale
LC
Livskraftig
Bildet mangler beskrivelse
art

Orientsennep

Sisymbrium orientale
NK
Ingen kjent risiko
art

Stivsennep

Sisymbrium strictissimum
LO
Lav risiko
art

Volgasennep

Sisymbrium volgense
NK
Ingen kjent risiko

Wienersennep liknar på andre Sisymbrium-artar, men skil seg frå storparten av desse i at dei nedre blada ofte berre er tanna, ikkje djupt flika til delte og dessutan i dei svært korte og tydeleg oppbøygde håra nedst på stengelen.

Ball PW (1993). Sisymbrium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 318-321.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Om denne siden

Publisert: 20. september 2023
Forfattere
Reidar Elven
Hanne Hegre
Utgiver
Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
FlowerPower